meiningar

foto 18.02.21 Skulehuset på Bua og Bua «gamle, gamle» skule.
Skulehus på Bua. Bua kultur- og friluftsbarnehage held til i det nyaste bygget.

Fake news om bygda

Det kjempast om nærskulen i bygde-Sveio – og me er nok ein gong vitne til meiningslause politiske vedtak som har fått grasrotbevegelsen i fyr og flamme.

Elevane sjølvog bygdefolket gjer det dei maktar for å behalda skulen sin. For min del var det «fake news» då eg las i Vestavind at «Buabygda lever til dømes i beste velgåande, på trass at dei ikkje har hatt skule på snart 25 år» og at «bygda har overlevd og hatt ei flott utvikling…»

Joda – me har overlevd, og lever, med våre ulike samlingsarenaer. Tilhørighet og samhold for heile krinsen var det skulen som stod for. Skulen samla oss til fellesskap og trivsel på tvers av generasjonar og interesser.

Med hjarta på rette staden bør den «politiske elite» seia JA til levande bygder.

Judith Misje
Bua-krinsen

Powered by Labrador CMS