meiningar

Naust i dag er blitt ei hytte med sjøen, som ein ikkje har lov å overnatte i. Trur nok at det er nokre som synder der., skriv Vidar Høyland.
Naust i dag er blitt ei hytte med sjøen, som ein ikkje har lov å overnatte i. Trur nok at det er nokre som synder der., skriv Vidar Høyland.

«Er naust eit naust?»

Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at et naust i dag blir brukt til andre formål det blei gjort tidlegare. Trur ikkje dei som bygger naust idag har planar for at ein skal dra oselvaren inn for å pusse og stelle med den. Eller sitte der å bøte garn når haust stormane herjar vilt.

Nei, det er for å få seg ein plass med sjøen, som ein kan vere og kose seg. Nausta i dag er isolert, parkett på golv, flislagt bad med toalett, varme i golv eller varmepumpe, kjøkken med alle fasilitetar og eit lagerrom (soverom). Det ser ein når ein ser på nausta som er oppført, eller ein tar ein tur innom finn.no.

Eg synes det er artig å lese den kreative teksten på bilder som meglarane brukar. Såg ei annonse der det var flislagt bad, vegghengt toalett og dusj. Der teksten var «her kan du oppbevare teiner og garn». I stova var det parkett på golvet, koselig sofakrok, spisebord og flott kjøkken, sånn som ein har i huset heime. Der teksten på bildet var «her kan du lagre båten».

Trur du at det skjer? Nei, er vel det ordet dei fleste tenker då. For naust i dag er blitt ei hytte med sjøen, som ein ikkje har lov å overnatte i. Trur nok at det er nokre som synder der.

Kvifor ikkje sjå over fjorden til Bømlo, der kommunen har sånn halveis har akseptert inntil vidare at det er lov å overnatte i eige naust. Der omgrepet «maritim rekreasjon» i bruken av naust med sporadisk overnatting, har blitt brukt.

Ein må sjå framover og akseptere at eit naust ikkje blir brukt til det som det blei brukt til for 50-100 år sidan. I dag er nausta like fine som huset ein bur i og mykje dyrare på grunn av at det er populært å ha eigedom til sjø.

Ein må følge med i tida og tillate eigar av eige naust kan overnatte sporadisk i naustet sitt.

Vidar Høyland
3. kandidat til kommunevalet
Sveio Senterparti

Powered by Labrador CMS