meiningar
Er det rett at Sveio kommune skal styrast av trojanske hestar?
Stian Nygård og Ole Johan Sveen viste seg å segle under falske flagg ved kommunevalet i 2019. Representantane gjekk gjennom heile valet under fana til Høgre. Dei stod bak partiprogrammet, der mellom anna å oppretthalda skulestrukturen stod høgt på agendaen. Då desse to representantane ikkje lenger var avhengige av partiet Høgre for å få makt, hoppa dei av toget. Dei aksepterte ikkje Høgre sitt fleirtal, og gjekk då ut av partiet og inn i kommunestyret som uavhengige.
Arbeiderpartiet og FrP tok imot med opne armar, til politisk samarbeid og fekk fleirtal. Aldri har nokon uavhengige blitt så avhengige! Meiner Nygård/Sveen med Ap og FrP at me skal ta dette alvorleg? Det tragiske er at desse to som gjekk til val på falske premissar, kan avgjere store, viktige politiske saker. Er det rett at Sveio kommune skal styrast av trojanske hestar?
«Taparane» av valet 2019, i samarbeid med Nygård og Sveen, går no inn for å leggje ned skulane i Valestrand og Auklandshamn, stikk i strid med det utbrytarane fronta under valet. Denne viktige saka fremjer dei midt i den verste krisa Noreg har sett sidan 2. verdskrig.
Med dette forslaget møter politikarane seg sjølv i døra. Dette er ein forhasta prosess, i ei tid der me ikkje veit kva dei neste månadane vil bringe. Norske myndigheiter kjem med klare oppmodingar om å unngå store forsamlingar, samstundes går nokre politikararar i Sveio motsatt veg. Målet deira er å samle alle elevar og tilsette i Sveio på tre skular, allereie innan hausten 2021.
Ein god og sakleg debatt blir vanskeleg å gjennomføre pga nasjonale restriksjonar. Alle store saker bør setjast på vent, inntil kommunestyret er samansett av folkevalgte som faktisk STÅR for det dei gjekk til val på.
Til Nygård og Sveen: Pakk snippsekken og gå, eller front fana de gjekk til val på!
Glenn Cato Brynestad og Johnny Hansen
Førde og Valestrand