meiningar

Arne Valen, Sveio Senterparti.ARKIVFOTO: EINAR VESTVIK
Arne Valen, Sveio Senterparti.

Eksamen for Senterpartiet

Me  er inne i eksamenstida for dei fleste studentane. Det gjeld også for Senterpartiet i Regjering. Eksamensfaget er «Jordbruksoppgjeret». Onsdag denne veka kjem krava på bordet. Det er forventa at ein stiller krav etter behov. Ikkje nokon gong tidlegare har det vore så viktig for det tidlegare bondepartiet å innfri lovnadane frå valkampen. Kostnadane for matprodusentar i hele verda har auka kraftig grunna krigen i Ukraina.

I Norge har ein og rekordhøge prisar på mineralgjødsel, diesel, straum og kraftfôr. Når utgiftene aukar  langt over inntektene, har ikkje lenger folk råd å produsere mat. Oppgjeret i år kan bli kroken på døra for særleg mange småbruk.

Det er tverrpolitisk semje på Stortinget for å løyve 30,5 milliardar kroner ekstra til Forsvaret. Då vonar eg at det er tilsvarande semje for auka støtte til landbruket. Ein må hugse at matberedskap er ein viktig del av forsvaret vårt. Norge er det landet i Europa som er minst sjølvforsynt. Oljerikdomen har lokka til import av matvarer som har vore rimelegare å produsera andre stader i verda utan at miljørekneskapen er medteken.

Jordbruket er navet i distrikta og avgjerande for busetting i heile landet. Bøndene er også grunnfjellet i Senterpartiet og eksamen vil stå til stryk om ein ikkje gir kompensasjon for auka kostnader og fjernar lønsgapet  mellom bønder og andre yrkesgrupper i jordbruksforhandlingane.

Arne Valen
Kommunestyrerepresentant Sveio Senterparti

Powered by Labrador CMS