meiningar

Pride-flagget vaiar i Sveio sentrum. ARKIVFOTO: GUNNHILD LØNNING
Pride-flagget vaiar i Sveio sentrum.

Ein mørk, men varm laurdag i juni

Laurdag morgon starta for meg med vemod, sinne og ei følelse av fortviling. Media i alle kanalar melde om to drepne og mange skadde, etter ei ufatteleg brutal valdshandling midt i Oslo. To personar vart drepne – brutalt rivne ut av denne verda, midt i ei feiring av kjærleik, likeverd og respekt.

Eg har budd heile livet mitt i Sveio, for meg er dette den tryggaste plassen på jord – der eg er omringa av ein fantastisk familie, gode vener, og ikkje minst flotte sambygdingar som er varme, rause og inkluderande. Likevel gjorde denne laurdagen noko med meg, eg som alltid har følt meg trygg og komfortabel, vart brått både sint, lei meg og fortvila. Sint for at to familiar har miste ein av sine kjære. Sint for alle dei som vart skadde, fysisk så vel som psykisk. Sint for at ein rettar eit så brutalt åtak mot ei gruppe uskyldige menneske. Lei meg for alle dei som nå er redde for å halde handa til kjærasten sin på gata. Lei meg for dei som ikkje våga å gje kjærasten sitt eit kyss og ynskje god reise – men i staden vel eit diskret nikk – eller i beste fall ein klem. Lei meg for alle dei som er usikre og opplev det å opne opp og vera seg sjølv som skremmande. Fortvila over at me ikkje er kommen lenger.

Laurdag skulle kjærleiken og mangfaldet feirast i hovudstaden, ei fantastisk feiring me førre helg sidan hadde glede av å oppleve i Haugesund. Det er noko spesielt med feiringa i år, for i år er det er 50 år sidan homofili vart lovleg i Noreg. Men sjølv om lova vart endra i 1972, vart homofile heilt fram til 1978 diagnostisert som psykisk sjuke. Me har sidan den tid komme langt, både med tanke på rettigheiter i lovverket, og haldningane i samfunnet. Diverre er hendinga som me opplevde i helga ei grufull påminning som syner oss at me på ingen måte er i mål endå.

Ser me oss rundt i verda er homofili framleis forbode i mange land, der ein risikera både fengsel, og nokre stader dødsstraff. Ein opplev også forskjellar her heime. Rapporten «Skeiv på Bygda» frå 2015 viser korleis mange homofile og lesbiske nærast føl seg tvungen til å flytta til byane for å finne aksept og eit miljø dei kan leve i. Eg håpa og trur at me skil oss frå rapporten i Sveio. Eg håpa at andre skeive – som meg – opplev ein kvardag fylt av støtte, samhald og gode førebilete her heime.

Medan nyhendene frå hovudstaden utover laurdagen viste spontane støttemarkeringar, dukka det også opp tydlege markeringar i «vesle» Sveio. Blomebutikken i sentrum heia på mangfald og likeverd, og lòt regnbogeflagget vaie i sumarvinden på utsida av butikken. Utanfor kommunehuset trefte eg Ordføraren som var i full sving med å få heist regnbogeflagget – ei flott markering frå våre folkevalde.

Vemodet vart snudd til stoltheit over eigen kommune, der ein er tydeleg og tek avstand for hatet ein opplevde i Oslo natt til laurdag. Sinne vart til glede – glede over at eg bur ein plass der eg alltid har følt at det er heilt greitt å vera seg sjølv. Fortvilinga vart snudd til håp – håp for at me saman gjer heimplassen vår til ein tygg og inkluderande plass for alle dei som kjenner seg usikre, og opplev det skremmande å vera seg sjølv.

Laurdagen vart ein varm dag – ikkje berre av varmen frå sola – men også frå alle som bidreg til eit samfunn fylt av kjærleik, respekt og samhald.

André Mundal Haukås
Stolt sveibu

Powered by Labrador CMS