meiningar

Camilla Fagerland Tverfjell, rektor på Auklandshamn skule. Arkivfoto: Einar Vestvik
Camilla Fagerland Tverfjell, rektor på Auklandshamn skule.

Ein hyllest til rektoren på Auklandshamn skule

Eg trur få veit
kor heldige dei er der ute på høgda nær havet
I bygda
og på skulen
med roret på veggen mot vest

Dei har ei dame som styrer den skuta
På ein måte få kunne gjort bedre
Med stødig hand
Beina godt planta i underlaget
Milde augo
Alltid eit smil på lager
Nytenkande
Men likevel med hint av «det gamle, gode»

Det er lov å væra seg sjølv
Som ei fuglemor
som får fugleborna ut av rede
Kan det væra nokon av dei dett
og ikkje klarar å fly på første forsøk
Men dei får prøva på nytt

Dei er velkommen i redet
Dei som syng høgast
Dei som vil ut å fly
Dei som treng meir tid
Alle får plass
I skuta hennar

Får ta del i det store arbeidet det er
med ein så stor
og viktig båt
Og sjølv om skatten
ikkje er den aller største i volum
Er det dyrebar last
som blir godt ivaretatt

På denne skuta er tidsperspektivet annleis
enn elles
Ho har tid til alle
Viser at ho vil gjere ein god jobb
Den beste
Men òg ofte
God nok

Som er inspirerande
Og som gjer at det er lett
å pusta i denne skuta
for store og små
Me drar lasset saman
og stolar på henne

Som ikkje likar ein pidèstall
Fordi det er eit samarbeid
Og dei fortøyer fartøyet stabilt nå i ferien
Det blir godt og vel fortjent for alle

Og det blir alltid eit gledelig gjensyn
når me skal tilbake ombord
Og det blir ringa inn manuelt
i bjella med snor
I bygda, der hjertevarmen,
kunnskapsiveren
og trivselen er stor

Silje Marie Grutle

Powered by Labrador CMS