meiningar

Fotograf illustrasjonsbilde: Siri Svendgård-Stokke
Fotograf illustrasjonsbilde: Siri Svendgård-Stokke

Dyrt å drenere matjord i Vestland

Skal Vestland bidra til auka sjølvforsyning i Noreg, må over 53 000 dekar jordbruksareal verte grøfta opp att. Det kostar dobbelt så mykje i Vestland som på Austlandet.

Det vert våtare på same tid som stadig meir jordbruksareal ikkje har god nok drenering. Dårleg drenert jord gjev dårlegare vilkår for matproduksjon. Samstundes fører uro i verda til at det er eit mål å auke matproduksjon og sjølvforsyning. Skal jordbruket i Vestland bidra, er auka avling på jordbruksarealet ein god måte å bidra på. Då må mange jordteigar ha hjelp med å verte kvitt overflødig vatn. Dei kan ha behov for å bli grøfta opp att.

Dobbelt så dyrt i Vestland

Me spurde 150 Vestlandsbønder om kva kostnader og barrierar dei hadde for å drenere meir jord. Svara syner at det er langt meir kostbart å grøfte matjorda i Vestland, enn til dømes i Viken.
Bøndene får 4000 kroner per dekar for systematisk grøfting av heile jordet, eller 61 kroner per meter når det berre vert grøfta visse plassar på bøen. I snitt kosta grøfting 11 000 kroner per dekar i Vestland mot om lag 6 000 kroner i tidelgare Viken fylke. Med andre ord må Vestlandsbonden betale mykje meir frå eiga lomme enn Austlandsbonden.

Hovudårsaka er meir stein, fjell, dårleg arrondering og bratte bakkar som gjer at mange ikkje kan grøfte med spesialmaskinar, men må nytte gravemaskin. Det tek meir tid, og tid er pengar. Tilskotet er ikkje så godt tilpassa tilhøva i Vestland. Mykje av arbeidet dreier seg om utskifting og reparasjon av gammalt drenssystem, ikkje systematisk grøfting av store areal. Det er mange gamle steinveiter, og det går mykje tid utan at det vert mange dekar eller meter med røyr. Då vert det lite tilskot i forhold til arbeidsinnsats. Somme plassar er ein og nøydd til å sprenge fjell for å få fall på røyrene.

I tillegg er drenering ein stor kostnad som ein får att gradvis over fleire tiår. Ikkje alle har likviditeten som trengst for ei slik langsiktig investering.

Lågaste grøfteaktivitet i landet

Utmaningane syner seg i lågare grøfteaktivitet i Vestland enn austpå. Vestland er fylket med lågast grøfteaktivitet om ein ser i forhold til totalt jordbruksareal. Berre Agder og Troms og Finnmark hadde færre søknader til grøfting i 2023. Medan høgare tilskot ser ut til å ha ført til meir grøfting på Austlandet, ser det ikkje ut til at tilskotet har hatt den same ynskte effekten i vest.

Drenering av våte areal fører med seg ei rekkje fordelar. Nesten halvparten av vestlandsbøndene som tok del i spørjeundersøkinga, melde om avlingsauke frå tjue prosent og oppover. Dei aller fleste melde og at jorda har vorte mykje meir køyrbar kortare tid etter regn. I tillegg syner forsking at drenering fører til mindre problem med ugras og plantesjukdomar.

Løysingsorienterte bønder

Det store spørsmålet er korleis ein skal få opp grøfteaktiviteten i Vestland. Bøndene i undersøkinga hadde fleire forslag som kan vere verdt å vurdere. Det kom forslag om høgare tilskot i område med høge kostnader. Eit anna forslag gjekk ut på at søknad skulle kunne sendast inn i etterkant av dreneringsprosjekta slik at ein får med kostnader som dukkar opp undervegs, noko som skjer oftare i ulende område. Då trengst ein anna profil på tilskotsordninga enn fast dekar- eller meterpris, til dømes kunne prosent av kostnad liggje til grunn.

Resultata frå undersøkinga er samla i rapporten «Kostnader og barrierar for drenering i norsk jordbruk». Den inneheld mykje nyttig informasjon for dei som skal jobbe med innretting av dreneringstilskot for framtida. Me vonar at rapporten kan bidra til meir grøfting i Vestland og dermed auka sjølvforsyning og matsikkerheit.

NIBIO
Hege Ulfeng

Powered by Labrador CMS