meiningar

For sørgåande trafikk som kjem frå Vestland fylke og Sveio kommune, viser skilta at no er ein over i Rogaland fylke og Haugesund kommune.
Sist veke ga innbyggarane i Sveio klar beskjed. 56 prosent sa nei til å byte fylkestilhøyrsle frå Vestland til Rogaland.

Difor bør Sveio bli rogalandskommune

10. januar skal sveibuen gi kommunestyret råd om kva fylke kommunen skal tilhøyra i framtida. Det er viktig at så mange som mogeleg nyttar stemmeretten sin slik at politikarane kan får eit tydeleg råd i denne viktige saka.

I mine auger er det beste valget for Sveio å flytta over til Rogaland.

Kvifor?

I dag lever ungdommane våre som vil til skule i Rogaland på Vestland fylkeskommune si velvilje. Og visse linjer kjøper dei berre få plassar til. I tillegg har Haugesund / Rogaland eit rikare tilbod linjer ungdommen kan velja i. Seinast i 2014 var kjøp av plassar i politisk spel på fylkestinget.

Det er billegare å ta buss til Fitjar enn til regionsenteret Haugesund! Tøvete er vel eit dekkjande adjektiv. Mange av våre ungdommar deltar i dag på fritidsaktivitetar i Rogaland. Og ved eit fylkesbytte kan ungdommen bruka busskortet sitt på fritida i Rogaland. Det kan dei ikkje i dag.

Sveio bør tilhøyra samme fylket som regionsenteret vårt Haugesund. Me har svært mange felles interesser på mange områder saman med Haugesund og dei andre Haugalandskommunane, og det er viktig at me får best mogelege sjansar til å vera med å påverka når og der avgjerdene i desse sakane blir tekne.

Og når det det gjeld fritid og kultur dreg Rogaland det lengste strået. Eg og mange er tilknytta NFF Rogaland, og dei fleste andre av fritids-og kulturaktivitetane våre er knytta til Rogaland. Også når det gjeld tannhelse nyttar eg Rogaland.

Ellers ser eg med litt undring den store kjærleiken ein del viser for nyskapninga Vestland anno 2020. Denne nye varianten av eit fylke er mykje meir framand for meg enn kva Rogaland er. Og me vil alle saman leva og dø som både vestlendingar og sunnhordlendingar om me byter fylke til Rogaland.

Godt valg gode sveibu!
Arne Tveit Katla

Powered by Labrador CMS