meiningar

valestrand oppvekstsenter
Valestrand oppvekstsenter.

Det skjøre, udemokratiske politiske fleirtalet i Sveio

Me er i dag vitne til ei udemokratisk politisk prosess i Sveio kommune som me aldri har opplevd makan til. Me er i ei tid med pandemi. Politikarane slepp å stå ansikt til ansikt med velgjarane sine. Ein kan ikkje treffast for å gje uttrykk for sine synspunkt ansikt til ansikt med dei folkevalgte. Dei sit trygt heime i stovene sine, gøymt bak ein skjerm, og fattar vedtak som kan få store uopprettelege konsekvensar for heile kommunen, og dette veit dei.

Dei sit trygt heime i stovene sine, gøymt bak ein skjerm, og fattar vedtak som kan få store uopprettelege konsekvensar for heile kommunen, og dette veit dei.

Dette til tross for at Ap og ordføraren snakka til oss i bygdelaget om at skulestrukturen ikkje skulle rørast i valperioden. Men også partiet til dei i dag to uavhengige.

Dei som sit i posisjon i dag, tapte valet. Det må ein hugsa på. Dei har eigentleg ikkje eit legalt valgt mandat frå folket til dette som no skjer. 

Éi veke etter valet skifta som kjent to representantar frå Høgre side i det politiske landskapet og meldte seg uavhengig. Den eine var ein røynd politikar, medan den andre var «eit uskrevet blad», ein politisk nybegynnar etter det me veit. Årsaken var visst at dei var uenige med retningen valvinnarne og deiras eige parti kunne komme til å velja, men dette var dei kjende med før valet. Dei blei tilbudt strategiske gode posisjonar for bytet, den eine i hovudutval teknisk næring, og «nybegynnaren» nestleiarvervet i hovudutval for oppvekst og kultur. Der stemte dei som kjent for nedlegging av skulane Valestrand oppvekstsenter, og Auklandshamn skule.

Me er rysta over det saklege nivået og det som kom fram på HOK-møtet. Ikkje eitt sakleg begrunna argument høyrde me på det streama møtet i HOK. Det blei ei blodfattig førestilling. Dette er ille, for dei seriøse politikarene i Sveio kommune som no sannsynlegvis får smaka «partipisken», i eit konstruert udemokratisk vedtak i formannskapet. Kva slags politikarar er det Sveio har fått?

Sveio kommune er og på veg til å bli ein særs svekka og splitta kommune om dette vedtaket blir ståande. Då hjelper det lite med frukostmøte på nett for å auka busetjinga.

Det er mange nord i kommunen som har viktige poeng i denne debatten. Derfor såg me det som naudsynt å få poste to innlegg i denne omgang. 

Valestrand Bygdelag
Solveig Høgås Iversen, Anne Lise Økland, Viktoriia Beshyr, Agnieszka Wanang, John Olav Hammer og Silje Marie Grutle

Powered by Labrador CMS