meiningar
«Det me eigentleg burde gjort i denne debatten var å sende ut eit felles SOS-signal frå heile kommunen til dei som sit med pengesekken på Løvebakken»
Dei siste vekene har eg lese lokalavisa og enkelte sider på Facebook med litt større engasjement. Eg ser nemleg det er i ferd med å hende: sentraliseringsbølgja slår innover Sveio på ny. Eg høyrer ljomen frå begge leirar. Kjensler pregar debatten. Eg skjønar kvifor.
Då same bølgja slo innover vestkysten av Sveio på slutten av 90-talet, gjekk to skular/bygder på Bua og Vandaskog med. No meiner mange politikarar at gode råd er altfor dyre, og har som plan om å la to nye bygder gå gjennom det same.
Ein kan vel oppretthalde bygder utan skule, tenkjer dei som bur i sentrale strøk. Eg skjønar at dei tenkjer slik. For det er vanskeleg å setje seg inni korleis livet på bygda er når ein er frå sentrale deler av Sveio, og motsett.
Dette er sjølve kjernen i konflikten nett no, å forstå kvifor andre tenkjer annleis enn ein sjølv. Det er mykje sinne, tristheit og frustrasjon. Dei frå «bygda» kjenner seg forbigått, tråkka på og lite viktige. Det same kan dei frå «sentrale strøk» kjenne på, for det er blitt gjeve lovnad om at midlane som blir spara skal gjere skuledagen betre for deira born. Er ikkje vår skulekvardag i sentrale strøk like viktig? Ved å omfordele økonomiske ressursar vil det kome alle elever i kommunen til gode?
To trinn med tre klassar på Sveio skule står i fare for å bli slått saman til to større klassar. Sjølvsagt skapar det frustrasjon. Skal dei på Auklandshamn og i Valestrand få sitje der med sine bittesmå klassar, mens me må sjå at det stadig blir kutta ned på goder for våre ungar/elevar? Det er i denne grøfta debatten har køyrd seg litt fast.
Å hevde at eit større sosialt miljø gir meir fridom, større sjansar for venskap er sant for nokon. At små, sosiale miljø gir meir fridom, større sjansar for venskap er ei like stor sanning.
Når ein argumenterer med at på små skular kan ein ha lærarar som manglar kompetanse til å undervise i enkeltfag, kan det vere sant. Ein kan seie nøyaktig det same om kompetansen på større skular. Vidareutdanning er i vinden som aldri før.
Kva om ein er så uheldig at ein kjem i ei gruppe ein ikkje trivst i på ein liten skule, så blir det lange år, seier nokon. Nøyaktig det same kan hende om ein går på ein større skule. «Det er mykje mobbing på større skular». Det kan ein dessverre og finne på små bygdeskular.
Når det kjem til stykket, er spørsmålet om ein ser verdi i det som er nært, lite og sårbart. For dei i Auklandshamn og i Valestrand handlar det om kvardagen til deira born. Det same gjeld for dei i sentrale strøk. Dei blir førespegla ein betre skuledag for sine unge lovande dersom skulane i utkanten blir lagt ned. Det er difor ikkje det minste rart at debatten er prega av «vi og deg»-tenking.
Eg hugsar eg var frustrert på golfbana i Sveio lenge. Den kom samstundes som dei valte å leggje ned skulen/bygda som eg hadde så kjær. La skuleungane få sleppe å sjå på eit eventuelt nytt basseng med same frustrasjon. Eit betre symjetilbod er noko alle i kommunen i utgangspunktet bør omfavne, men vanskeleg når det stilt opp mot skulane i debatten.
At nokon med handa på hjartet kan hevde at store skular og større klassar gir eit tryggare og betre læringsmiljø, stiller eg meg undrande til. Me som står bak kateteret veit at det er fordelaktig med små grupper, slik at ein kan tilpassa undervisninga best mogleg, og sjå det einskilde born. Å bli sett er noko alle treng. Er det slik at foreldre på dei sentrale skulane vil at det skal bli mindre fokus på deira born? Det tvilar eg på, men det er ein naturleg konsekvens ved å gjere dei store skulane enda større.
Eit anna element eg til sist ynskjer å dra fram i saka, er at det er underleg at nærskuleprinsippet står sterkt i urbane strøk, medan bygde-Noreg skal godta noko anna.
Så det me eigentleg burde gjort i denne debatten var å sende ut eit felles SOS-signal frå heile kommunen til dei som sit med pengesekken på Løvebakken: gje oss nok økonomiske ressursar til å ta vare på det nære og kjære vi har, anten dei går på skular i bygdesentrum, eller i meir kystnære strøk.
Inger Marie Meinich Misje
adjunkt og utflyttar