meiningar

Å brenne ned gamle bygningar kan fort opplevast kontroversielt i ei tid kor bærekraft er eit tema i det daglege, skriv brannsjefen. FOTO: Haugaland brann og redning IKS
Å brenne ned gamle bygningar kan fort opplevast kontroversielt i ei tid kor bærekraft er eit tema i det daglege, skriv brannsjefen.

«Det er avgjerande å få øve og trene på reelle brannsituasjonar»

Etter ein lang arbeidsdag, og eg endeleg har lagt hovudet på puta og ser fram til ein god natt med søvn, då går det ein alarm på personsøkaren som eg alltid har med meg. Lyden er høg og vekker alle i huset. Det er ein melding om brann i eit hus kor det er ein person som er sakna.

Frå å vera klar for natta, skal eg før det er gått 10 minutt køyra ned på brannstasjonen og møte 8-14 andre kollegaer, ta ut ein brannbil, køyre med blålys og sirene til brannstaden for så å kle meg opp i røykdykkarutstyr, gå inn i ein brennande bygning for der å prøve og redde den som er sakna.

Dette er situasjon som våre tilsett opplever regelmessig i ein eller annan form. Me har for brannstasjonane i Sveio og Førde 100 utrykningar i året. Der skal me på kort varsel omstille oss frå me er saman med familie eller i den ordinære jobben vår, til brått å utøve livsviktig redningsarbeid.

Trafikkulukker, brannar og akutte helseoppdrag er dei vanlegaste hendingane.

For å handtere hjartestans, klippe ut fastklemte personar frå bilar og gå inn i brennande bygningar, er det nødvendig med mannskap som har kunnskap, er trena og har erfaring. Det er 32 mannskap tilknytta stasjonane i Førde og Sveio.

Å brenne ned gamle bygningar, som her i Mølstrevåg, kan fort opplevast kontroversielt i ei tid kor bærekraft er eit tema i det daglege. Det er likevel avgjerande for våre tilsette at dei har trygge og kontrollerte øvingar under realistiske forhold for nettopp å gjera ein trygg innsats når det står om sekund og liv skal reddast. For å oppnå dette er øvingar med nedbrenning viktig og heilt nødvendig.

Ut frå ein kost-/nyttevurdering har miljøvernmyndigheit og branndirektorat vurdert denne type øving til å vera godt innanfor det som kan forsvarast sett opp mot dei ulempe nedbrenningane medfører. Det vert lagt mykje arbeid i å miljøsanere ein bygning før nedbrenning der pcb-vindauge, leidningar og inventar vert teke vekk. Me gjer det me kan for at det skal vera minst mogleg belastning for menneska i området rundt.

I sum; Det er avgjerande for Haugaland brann og redning IKS å få øve og trene på reelle brannsituasjonar slik som her i Mølstrevåg. Slike øvingar sikrar mannskap ein unik moglegheit til å trene på reelle situasjonar, auke sin kompetanse og vere førebudd. Dette resulterer i eit sterkare og meir effektivt brann- og redningsvesen som kjem innbyggarane til gode den dagen ein treng brannmannen som mest.

Dag Botnen, brannsjef

Powered by Labrador CMS