I Noreg har vi representativt demokrati. Vi vel ei forsamling kvinner og menn som styrer på våre vegner i fire år. Det er lenge nok til at dei folkevalde kan miste kontakten med folk flest. Også i Sveio. Til dømes i skulesaka.
Eg har eit solid positivt inntrykk av sveibuen sitt engasjement for å bevare dei skulane som framleis finst, men veit ikkje kor representantane i kommunestyret står, heller ikkje dei eg stemde på ved valet.
Prosessen går føre seg i det skjulte med forskingsrapportar som er langt frå samstemde, og mange av dei folkevalde held seg tause. Er dei gått tapt i Teams? Det er eit demokratisk problem.
Og kor blei det av tilrådingane frå Telemarksforsking i rådmannen sitt forslag? Dei er borte vekk. Eit realt folkemøte er umogeleg under pandemien, og det er synd. Vestavind burde lage ein enquete blant dei 25 representantane i kommunestyret om standpunktet deira i skulesaka.
Ved så drastiske tiltak som å leggje ned den flotte, veldrivne skulen i Auklandshamn bør innbyggjarane ha eit ord med i laget. Det einaste rette er å vente med å avgjere skulesaka og la det bli ei valkampsak i 2023, i god demokratisk tradisjon.
Helge Kyvik
Auklandshamn