meiningar

Brigt Ottar Valen. Foto: Privat
Brigt Ottar Valen.

Del av ein kommune

Lesarbrev

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til tips@vestavind-sveio.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helst ved eit bilde av deg sjølv.

, kjem til å bli verre før det snur. Det som er bra med å treffe botnen hardt og brutalt, er at det i det minste blir klart at me kan ikkje fortsette med det me gjorde før, for det var slik me hamna her me no er. Jamfør eit sitat frå ein kjent amerikanar.

Det som skjer i Sveio no

Me er fleire som har etterlyst motstanden mot den målmedvetne og strukturerte nedbygginga av bygdene i kommunen vår, som folkevalde frå sør i samspel med kommune- toppsjefane i Sveio (som alle er busette utanfor kommunegrensa), orkestrera.

Det har opp gjennom dei åra me har budd her nord vore mange demonstrasjonar. Men det kjem diverre lite ut av dei. Unntaket frå denne regelen var då Arbeidarpartiet i samspel med fleire opposisjonsparti, gjekk sterkt inn for å bryte ned skulestrukturen. Dei siste grendaskulane var visstnok ikkje liv laga og måtte leggjast ned snarast råd.

Hovudpersonen som den gong leia, men tapte dette nedleggingskøyret, har no fått bilete av seg i glas og ramme på veggen i kommunestyresalen. Som det vel sømer seg for ein eks-ordførar.

I samband med dei ulike kampsakene for å behalde kommunale/offentlege institusjonar lokalt, vart det arrangert demonstrasjonar, og det er mange frå nordre og vestre del av Sveio som møter opp, enten som tilhøyrarar under kommunestyremøte, i demonstrasjonstog, i temamøte i grendestover, og ikkje minst med gode lesarinnlegg i aviser og i ulike sosial media.

Men det var ingen som skreiv opp namna på dei som røysta for å avfolka store geografiske delar av kommunen vår, og som sa kva som kom til å skje i etterkant.

Dette var mobiliseringar som diverre ikkje vart omgjort til kraftfulle og verksame organisasjonar.

Paradoksalt nok, så skortar det ikkje på lag og organisasjonar i midtre og nordre del av Sveio. Rundt om i krinsane er det mange ulike typar lag. Men leiarane og styra i dess laga, tar i viktige saker ikkje tak. Dei let seg velje inn i lokallagsstyrer og i mange høve, vart det med det. Det er ein kjensgjerning at i samfunnet vårt er det store utfordringar med å få folk til å stille opp og «stå i det» i dei store strukturelle kampsakene. Saker som når bygdene taper dei, får store negative konsekvensar for bygder og tettstadar som Førde, Økland, Vikse, Bua, og Valestrand.

Folk i distrikta er veldig gode på å protestera, men veldig dårlege på å omgjere protestar til motmakt.

Det er her me svikta. Kva gjer me med det?

Eg har nokre forslag:

  • Lag og foreiningar går i lag og kontaktar Folkeakademiet eller Senioruniversitetet og ber dei arrangere kurs i organisasjonsarbeid for styremedlemmer i lokallag og foreiningar.
  • Nytt gjerne to kveldar til eit slikt kurs og bruk for all del kompetente kurshaldarar.
  • Gjer dette til eit årleg kurs, då lokallaga har styreval kvart år.
  • Legg kursstaden utanfor Sveio sentrum.

I kommunen er det ulike «råd» utnemnde av den politiske leiinga. Dette er udemokratisk ikkje- folkevalde «råd». Eit døme er eldrerådet. Eit «råd» som for tida er samansett av folk frå søre del kommunen. Men det skal dei ha, i denne siste lækjarsaka, har eldrerådet stått på barrikadane for Førde lækjarkontor. Stor takk til dei for det.

For å gjere vondt verre, så opplever me at lokalpolitikarar som bur i nordre del, til tider slit med å sjå det store bilete når det gjeld kva konsekvensane dei vedtaka dei planlegg å røyste for får. Når så protestane frå grannar og bygdefolk vert for høglydte, så snur dei i siste liten. Men då er skaden ofte allereie gjort. Eit fleirtal er etablert. Eit fleirtal som står seg mot enkelte «avhopparar».

Slik framferd er ikkje akkurat med å på styrkje tiltrua til våre folkevalde.

P.S. Overskrifta kan tolkast på to vis.

Det er tre månader til stortingsvalet.

Brigt Ottar Valen
Tittelsnes

Powered by Labrador CMS