meiningar
Auklandshamn – ei god og livskraftig bygd
Høyringsuttale frå Auklandshamn bygdelag 28.01.21
Sveio kommune har i sin kommuneplan for 2011-2023 blant anna sagt følgjande når det gjeld folketalsutvikling-busetnad i kommunen:
«Å ta vare på den desentraliserte busetnaden og levande bygder. Kommunen har lagt ut byggefelt i desse områda, opna opp for spreidd bustadbygging og halde fast ved ein desentralisert skulestruktur». I Sveio bur ca 33 % av innbyggarane i sentrumsnære strøk (Sveio – Store norske leksikon (snl.no)). Når kommuna ønske fortsatt spreidd bustadbygging så må ein støtte opp under dette ved å halde skulen open.
Me meiner Auklandshamn skule er heilt nødvendig for at bygda skal vera levande, god og livskraftig. Den vil vera avgjerande for at unge familiar skal velgje å flytte hit, men også for å hindre fråflytting. Fleire som har flytta til Auklandshamn har sagt at det har vore svært avgjerande at det har vore skuletilbod i nærmiljøet då dei tok valet om busetje seg her.
Me er glad i skulen vår, og ungane trivst. Auklandshamn skule har eit godt fagleg læringsmiljø. Dei har ein lærarstab med høg fagleg kompetanse. I følgje rapporten til Telemarksforsking var den faglege dekninga i 2019 best bl.a i Auklandshamn.
Det har dei siste 10-15 åra vore stor tilflytting til bygda av småbarnsfamiliar. Me ser i rapporten frå Telemarksforsking at elevtalet ved Auklandshamn skule er forventa å gå ned, men dette er tal som berre basarer seg på fødselstal. Dette meiner me gir eit feil bilde, då me veit at 25% av elevane som går på skulen pr. d.d. har flytta hit med familien sin etter fødselen. Dette er motstridande i forhold til tidlegare predikasjonar på elevtal. Ser me tilbake på rapporten frå sist skuledebatten var oppe, i 2013, blei det også i denne konkludert med at elevtalet skulle gå ned, medan dei reelle tala i ettertid viser frå 2-9 fleire elevar pr. skule år, noko som underbygger dette.
I Auklandshamn skulekrets er det fleire nye bustadfelt som er under utvikling, både på Fagerland og Økland. Desse tomtene er i fantastiske omgivelsar og vil vere attraktive tomter for unge som vil flytte til Auklandshamn, og då er skulen viktig.
Auklandshamn har eit aktivt lokalt organisasjonsliv, der mange av aktivitetane held til ved skulen, og er basert på frivilligheit. Dei fleste frivillige er foreldre til elevar ved skulen. Dersom skulen vert lagt ned, er me redd for at denne aktiviteten og engasjementet vil forsvinna.
I 2020 var me så heldige at dagsturhytta i Sveio kommune skulle plasserast ved stien på veg frå Stølen (Auklandshamn) til Emberlandsnipen. Det er fylkeskommunen som har invitert kommunar til å søkje om midlar til dagsturhytter. I denne invitasjonen ligg det og nokre kriterier for kva som bør være til stades for val av plassering av hytta. Blant anna bør hytta plasserast nær skule. Auklandshamn skule ligg ca. 30-40 min. gange frå hytta med flott sti frå uteområdet på skulen. Det vert også eit nynorsk bibliotek på hytta. Dette er svært bra for elevane ved skulen vår, som nå kan kombinere fysisk aktivitet og undervisning i lesing. Dei yngste elevane på skulen (1.-4. klasse) har utedag kvar onsdag, og eit besøk til dagsturhytta kombinert med lesing der oppe, er eit flott tiltak for folkehelsa til borna, og noko fleire av dei ser fram til.
Bygdelaget har vore aktivt med i prosessen, og har inngått avtale med kommunen om å ha tilsyn med dagsturhytta. Vi ser kva betydning dette kan ha for elevane på skulen vår, og bygdefolket generelt som har stilt flittig opp på dugnadar for å klargjere til hytta.
Det å ha skulen i nærleiken av der ein bur er bra, då ein kan gå eller sykle til skulen. Dersom skulen vert nedlagt er me bekymra for bussturen for dei minste elevane, både med tanke på bruk av bilbelte og mangel på kontroll av det som skjer på bussen. Fleire har erfart uheldige episodar på bussen som skyssar elevar som skal på ungdomsskulen, eksempel på dette er mobbing, slåssing osv. Det er heller ikkje bra i eit folkehelseperspektiv at alle barna i bygda skal måtte ta buss til skulen kvar dag. Per i dag er det 48 elevar på skulen vår, av desse har 25 elevar skyss (18 av desse går 1.-4. klasse).
Auklandshamn bygdelag er ein organisasjon som jobbar for at Auklandshamn skal være ei god bygd å bu i og kor ein ynskjer at fleire skal flytte til. Vi ser på skulen som « limet» i bygda vår, både opplærings øyemed, men også som ein sosial arena for alle innbyggjarar i bygda vår.
Me undrar oss over at skulen skal leggjast ned når kommunen har vedtatt å kutte enda meir i eigedomskatten og har lagt opp til store investeringar som verken er lovpålagde eller nødvendige.
Me stiller oss også spørsmålet om kor mykje ein vil spare på å legge ned skulen?
Kva med det som blir lagt vekt på i kommuneplanen?
Har ein vurdert å utvide skulekretsgrensene?
Kvifor vil ikkje Sveio kommune satse på levande og godt fungerande bygder, men leggje dei ned?
Styret i Auklandshamn bygdelag
v/Alf Helge Lien, leiar