meiningar

Dagens Sveio barnehage har fleire kvalitetar som mange heilt nye barnehagar berre kan drøyma om. Men bygget treng oppgradering. Difor set me av 10 millionar allereie neste år for å sikra eit godt og oppgradert tilbod, skriv Sveio Høgre, Sveio Senterparti og Sveio KrF. Foto: Privat
Dagens Sveio barnehage har fleire kvalitetar som mange heilt nye barnehagar berre kan drøyma om. Men bygget treng oppgradering. Difor set me av 10 millionar allereie neste år for å sikra eit godt og oppgradert tilbod, skriv Sveio Høgre, Sveio Senterparti og Sveio KrF.

Ansvarlege val for framtidas Sveio

I formannskapsmøtet måndag la Høgre, Senterpartiet og KrF fram eit forslag til budsjett som tek inn over seg realitetane i kommuneøkonomien – og samstundes viser vilje til utvikling, tilflytting og vekst.

Me står i krevjande tider. Kommunar over heile landet må gjere dramatiske kutt som råkar tenestene direkte. I Sveio har me over fleire år vore måtehaldne, og saman med ein dyktig administrasjon levert god drift og gode tenester trass i stramme rammer. Det er me stolte av – og difor foreslår me heller ingen kutt i driftsbudsjettet.

Visjonar krev ansvar

Store investeringar betyr store lånekostnadar i åra som kjem. Det er diverre pengar me ikkje har. Skal me ha handlingsrom i framtida, og unngå å måtte kutte i tenestene til innbyggjarane våre, er det avgjerande at me gjer kloke val nå.

Me foreslår difor å stoppa det vidare arbeidet med å byggje ny barnehage i Sveio sentrum.

Dagens Sveio barnehage har fleire kvalitetar som mange heilt nye barnehagar berre kan drøyma om. Særleg uteområdet – med skog, bakkar, natur og rike moglegheiter for fysisk utfalding – er ein fantastisk utviklingsarena for dei minste innbyggjarane våre. Men bygget treng oppgradering, difor set me av 10 millionar allereie neste år for å sikra eit godt og oppgradert tilbod både for våre yngste innbyggjarar og våre tilsette.

Samstundes bed me rådmannen sjå på alternative plasseringar for nye bustadar for personar med nedsett funksjonsevne.

I desember skal kommunestyret finne løysingar for eit framtidsretta helsehus som skal vera ein viktig funksjon for innbyggjarar i heile kommunen. Her vel me å gripa ei moglegheit som kan gje oss meir enn berre areala me sjølv treng. Dette gjer me for å løfta sentrum ytterlegare, skape aktivitet og leggja til rette for eit samarbeid med næringslivet – eit prosjekt som gjer Sveio meir attraktivt både for innbyggjarar, helsepersonell og nye etablerarar.

Det er ikkje mangel på visjonar som pregar vårt arbeid – men eit ynskje om å byggja eit samfunn som faktisk kan finansierast utan å kutta i velferdstilbod i framtida.

Dette handlar om langsiktig tryggleik

Å styra ein kommune handlar ikkje berre om å byggja mest mogleg, raskast mogleg. Det handlar om å sikra gode og trygge tenester i mange år framover.

Difor prioriterer me no:

  • å investera der behovet er størst
  • å oppgradera framfor å overinvestera
  • å leggja grunnlag for ny utvikling
  • å styra Sveio med respekt for framtida

Sveio skal vera ein kommune med vilje til vekst, men veksten må vera berekraftig. Det er det ansvaret me tek – for dagens innbyggjarar, og for dei som kjem etter.

Sveio Høgre, Sveio Senterparti og Sveio KrF

Powered by Labrador CMS