Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
meiningar
Alkohol er ikkje noko næringsmiddel
i daglegvarebutikkar, med eller utan tilsyn.
Eg ser såleis ingen grunn til å omsetje alkohol
Alkohol er eit svært helseproblem, vårt største rusproblem og eit kjempestort sosialt problem. I mitt yrke har eg sett svært mykje av det på nært hald.
I Vestavind vart det framstilt som eit framsteg då Sveio fekk Vinmonopol, og no er det stort fokus på å få selje alkohol i daglegvarebutikk også utan tilsyn. Sett gjennom mine briller er det feil utvikling. All røynsle viser at til lettare tilgjengeleg alkohol er, til større vert konsumert, og til meir som vert konsumert til større vert rusproblema, helseproblema og dei sosiale problema.
Når det heile tida vert framstilt som at lett tilgjengeleg alkohol er eit samfunnsgode, festar inntrykket seg at «alkohol høyrer til». Eg meiner at alkohol høyrer ikkje til.
Eg har brukt mykje alkohol i mi tid – til desinfeksjon før kirurgiske inngrep. Eg har aldri skjøna poenget med å drikke desinfeksjonsmiddel.
Eg er klar over at mitt syn på saka (diverre) ikkje er delt av alle, ikkje av dei fleste ein gong. At ei sak kan sjåast frå ulike sider, fekk eg røynt ein gong eg stod ved operasjonsbordet og prøvde å pusle saman knuste andletsknoklar på ein kar som i fylla hadde sykla utfor vegen og gått på trynet i ei steinur.
Det såg ikkje bra ut. Som ihuga fråhaldsmann nytta eg høvet til å påpeike for assistenten min, ein ung bergenslege, det uheldige ved å drikke alkohol. Men bergensarar lar seg som kjent ikkje så lett vippe av pinnen. Hans reaksjon var: «Det gikk jo bra så lenge han satt og drakk. Det var når han begynte te sykle at det gikk galt».
Otto Inge Molvær
Kommandør
Prof. emerit., dr. med.