lesarbidrag

VM på heimebane – haustkonsert med Valestrand Mannskor

Valestrand Mannskor (VM) har igjen gleda av å invitera til konsert der koret på ein lett og uhøgtideleg måte framfører kjende – og litt mindre kjende – songar på heimebane i Valestrand kulturkyrkje.

Koret, som i vår runda 12 år, har i ei årrekkje hatt kulturkyrkja som samlingsstad og øvingslokale – og difor er koret absolutt på heimebane når det inviterer til konsert der.

På konserten 14. oktober er det i hovudsak norsk musikk som står på programmet, og koret kan by på alt frå rolege viser og balladar til friskare melodiar og tekstar ispedd ein god porsjon humor. Konserten blir ei fin blanding av solosong og korsong i tillegg til allsongar der publikum får vera med.

Dirigent for mannskoret dei siste par åra har vore Preston James Kingsley, medan Ane Agdestein har vore pianist om lag like lenge. Begge vil medverka med soloinnslag på konserten.

I tillegg har sjølvsagt mannskoret sitt eige band med Hans Christian Andersen (bass), Kjell Olav Møllerhaug (gitar) og Endre Hetlesæter (slagverk) lege i hardtrening siste tida og er aktivt medverkande.

Bjarne Hetlesæter

Powered by Labrador CMS