lesarbidrag
Vellukka ridestemne med kjepphest som eigen klasse
Laurdag blei det igjen arrangert ridestemne på Tjernagel leir og fritidssenter. Klassane det blei konkurrert i var gymkhana, kjepphest, clear round og sprang.
Det nye denne gongen var kjepphestklassen som Tjernagel rideklubb var sponsor på. Den gikk i sprang clear round maks 40 cm. Det var ca. 30 deltakarar i klassen, og somme starta med fleire kjepphestar. Då gjaldt det å koma seg rundt feilfri gjennom bana og over hindera med kjepphesten sin.
Dette blei ein morosam klasse, med mykje latter og smil undervegs. Alle klarte seg feilfrie gjennom banen, utanom underteikna som fekk låna ein altfor ung og uerfaren kjepphest, som heiter Bella.
Ho var så ivrig på å koma seg fort gjennom bana, at ho snubla i sine eigne bein. Då blei ho jo diska av dommaren, for det blir ein når ein fell av hesten under ein konkurranse. Så rett skal vere rett, eg vonar eg greiar det betre neste gong, for revansj må eg jo få, men då vil eg ha ein lettare kontrollerbar kjepphest!
Gymkhana er ei bane med ulike oppgåver som hest og ryttar skal meistra, og for dei eldste er det ein ekstra premie for den som klarar det på kortast mogleg tid.
Sprang kallast det, når ein skal hoppa over hinder. Me hadde 40 cm og 60 cm der ein berre skulle vera feilfri, og 80 cm kor ein også skulle vera rask. I den høgaste klassa hadde me også fem premierte.
Ryttarane gjorde både foreldre og oss andre svært stolte. Forutan sjølve ridinga, viser dei ei sportsleg innstilling eg blir svært imponert over. Dei flinkaste og eldste, hjelper dei yngre og meir uerfarne, heiar kvarandre fram, og dei gjer sitt beste for at alle skal ha det gøy i lag.
Foreldra var som alltid positive og hjelpsame, og me sett alle pris på at det er tilskodarar undervegs. I gymkhana var det også premiering til den som hadde det beste kostymet. Det var fleire fine kostyme, men denne gongen blei det Live Pettersen, utkledd som ein blåhåra nisse, som stakk av med sigeren.
Eg takkar for all hjelp, og tålmod i frå både store og små, vonar de alle hadde ein fin dag!
Hanne Enerstvedt Løvland