lesarbidrag

34 personar deltok då Sveio Turlag gjekk frå Åkrasanden til Ferkingstad. FOTO: SVEIN HELGE B. TORSTEINSBØ
34 personar deltok då Sveio Turlag gjekk frå Åkrasanden til Ferkingstad.

Vandra frå Åkrasanden til Ferkingstad

Vandringa frå Åkrasanden til Ferkingstad og Fishermen’s Memorial i lag med lokalhistorikar Svein Helge Bergfjord Torsteinsbø vil truleg bli hugsa lenge for dei 34 som søndag tok del i Sveio turlag sitt arrangement. Med eit imponerande godt innsyn i gardshistorie som strekk seg attende til vikingtida, om tare- og sanduttak, om Elisabeth Stava som vart anklaga for å vera heks og vart straffa for det, om Kong Ferking og mykje anna, fekk han fortald historiar me kan ta med oss vidare. At 27-åringen hadde ein god porsjon humor og humør gjorde dagen vår endå betre!

Elisabeth Hauge Bakke
Sveio Turlag
Powered by Labrador CMS