lesarbidrag
Valestrand Mannskor i Valen kapell
Valen kapell har hatt mange rollar. Det har vore kyrkje, skule og nå har det debutert som konsertlokale.
Kapellet er eit vakkert hus i Valevåg, men det er dessverre alt for lite brukt. For å bøta på dette, vedtok styret i koret å arrangera intimkonsert i kapellet. Onsdag 19. februar blei det skipa til dobbeltkonsert. Etter som lokalet er lite, var ein einig om å avhalda to identiske konsertar slik at så mange som råd var kunne få dette med seg.
Bjarne Hetlesæter var konsertvert, ønskte velkommen og orienterte om konserten. Songane som stod på programmet var eit utval av dei songane ein hadde sunge i løpet av dei tolv åra koret har eksistert. Litt lødige og litt seriøse songar. Ettersom programmet skreid fram, blei dei bundne saman på ein fin måte av kveldens konsertvert.
Musikarar og dirigent
Me fekk presentert musikarane og dirigent i koret. To gitarar, slagverk og pianist har følgt koret lenge. Det har også dirigent Preston James Kingsley. Musikarane har gjerne fleire roller. Dei spelar instrumentet sitt og er solistar på diverse songar. Elles går det på rundgang å vera solist.
Pianist Ane Agdestein, einaste kvinne i mannskoret, spelar piano, fløyte og syng. Dirigenten steppar inn som pianist når det er nødvendig og trommisen Endre hentar fram trekkspelet når det trengs.
Mange song med
Det var høgt under taket under konserten og mange som song med og levde seg inn i musikken. Mange smilande fjes og mange nøgde korelskarar. Me sette og stor pris på at ordføraren og var med oss på konserten.
Etter konserten var det mange gode tilbakemeldingar til koret, og ønskjer om at dette måtte bli ein fast tradisjon. Me i koret må me berre takka vårt trufaste publikum.
For dei som ikkje fekk med seg denne konserten, arrangerar Valestrand Mannskor vårkonsert 27. april i Valestrand kulturkyrkje. Velkommen.
Bror Eivind Eriksen