lesarbidrag

Sveio barnekor under framføringa av musikalkonserten i Sveio kyrkje.
Sveio barnekor under framføringa av musikalkonserten i Sveio kyrkje.

Takk for flott musikalkonsert

Takk til Sveio barnekor med sin korleiar Tiril Birkelid og pianist Andre Eide for ein fantastisk flott musikalkonsert i Sveio kyrkje torsdag 25. april.

Denne kveldsstunda var vel verd å få med seg. Noko dei frammøtte viste å setja pris på med applaus og trampeklapp. Koret klang vakkert, og dei mange flinke solistane var godt førebudde. Dei gjorde dette til ei levande framføring. Mange dyktige rollefigurar med skodespelartalent og kreative kostyme medverka også til ei rik oppleving. Her har mange medverka rundt om i heimane!

No er koret klar for nye oppgåver på Moster under tusenårsjubileet for Kristenretten. Dette er ei storhending der både statsminister og kronprins blir tilhøyrarar. Lukke til!

Ingrid Furdal

Powered by Labrador CMS