lesarbidrag
Svindel mot eldre tema i Sveio senioruniversitet
Måndag 15. september får Sveio Senioruniversitet besøk av Jostein Salemonsen. Han er Sveio, Tysvær og Bokn sin politikontakt.
Ein politikontakt er eit kontaktpunkt for kommunen for å styrka samarbeidet med politiet, spesielt innan kriminalitetsførebyggjing. Politikontakten gir kommunen råd, bistår i arbeidet med førebyggjande tiltak og oppfølgjing av avtalar, og jobbar for felles forståing av kriminalitetsutviklinga i samfunnet.
Kort oppsummert seier Jostein Salemonsen at målet med foredraget er å gi eldre kunnskap om ikkje å bli svindla, korkje på nett, telefon eller på anna vis.
Håpar mange synes dette temaet er både nyttig og interessant.
Astrid Hovda