Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
lesarbidrag
Sveio senioruniversitet set fokus på plast
Måndag 13. oktober er det nytt foredrag i Sveio senioruniversitet. Då får me vitjing av ein som har halde foredrag hos oss før. Det er professor i kjemi ved Universitetet i Bergen, Leiv K. Sydnes.
Denne gongen vil han snakka om plast, eit materiale me alle er i dagleg kontakt med. Ein kort omtale av innhaldet følgjer nedanfor:
Plastprodukt finn me overalt rundt oss. Det kjem av at plast har eigenskaper som gjer plast til perfekte materialer for å laga mange reidskaper, hjelpemiddel og duppedittar som me i praksis treng for at eit moderne samfunn som vårt skal fungera godt. Dei fleste vil difor vera samde i at plast er ei stor velsigning.
Utfordringar
Men samstundes har plast blitt eit stort miljøproblem til vanns og til lands i heile verda. Dette heng nøye saman med måten me handterer plastprodukt på, kor godt plastavfall blir resirkulert og destruert, og eigenskapane til dei kjemikalia plast inneheld.
Dette samspelet har me ikkje fått til å fungera, noko me fekk auga opp for då ein utsvelten gåsenebbkval stranda på Sotra i januar 2017 og synte seg å vera tilstoppa av plast, i hovudsak plastposar.
I foredraget vil utfordringane me står midt oppi bli belyste frå fleire synsvinklar. Nokre kjemiske fakta kjem me ikkje utanom, som til dømes at luft, som menneske og dyr treng for å leva, øydelegg plasten som difor blir innsett med beskyttande kjemikalier som forureinar.
Merking
Dette kan me ikke leva med i lengda, så dersom me i framtida skal ha produkt med plasten sine eigenskaper, må det utviklast nye typer plast jo før jo heller.
Utfordringane me har å stri med vil me også få innsyn i ved å sjå på korleis plast er merka. Ved å sjå på ei samling plastprodukt vil me oppdaga at det ikkje er lett å vera korkje vanleg forbrukar eller kyndig tilsett i gjenvinningsbransjen slik merkinga no.
Helge Matre