lesarbidrag

Sveio senioruniversitet på tur

Måndag 13. mai la 39 Sveio-seniorar ut på tur. Målet var Fitjar og Engesund visningssenter.

Vêret var strålande, og alt låg til rette for ein flott dag. På Fitjar blei me møtte av folk som arbeidde på senteret. Her fekk me ei god orientering om korleis oppdrettsanlegget blei drive.

Så blei me plasserte i fire båtar – folk med stav eller krykker eller i rullestol blei ikledde gode rednigsvestar før det bar i veg utover mellom Fitjar-øyane. Mange flotte, lune stader – på nokre av øyane var det hus. Dei fleste av desse blei brukte som fritidsbustader nå.

Men i Engesund budde det framleis ein liten familie på tre i tillegg til ei einsleg dame. Den vesle familien disponerte huset som tidlegare hadde vore mellomanna gjestgjeveri. Mannen i familien hadde skrive masteroppgåve om eigedommen og staden, og han hadde mykje å fortelja oss om denne flotte plassen som ein gong i tida hadde lege sentralt til i Sunnhordland.

Frå Engesund bar det ut til oppdrettsanlegget. Her fekk me sjå fisken – regnbogeaure – i levande live. Og me fekk ei ny orientering mens me stod ute på merdkanten.

Så fekk me komma inn på senteret der det var dekka to langbord til oss. Dei same folka som hadde gitt oss orientering om anlegget, og som hadde kjørt båtane, hadde nå ikledd seg forkle og serverte oss nydeleg fiskesuppe. Iskake og kaffi smakte også godt.

Mette og gode og med litt ny kunnskap om korleis ein driv fiskeoppdrett, bar det så innover mot Fitjar sentrum.

Trass i litt venting her og der og litt forseinkingar med omsyn til programmet blei det ein fin dag!

Astrid Hovda

Powered by Labrador CMS