lesarbidrag
Sveio-ordføraren sin appell ti år etter terrorangrepet
For 10 år sidan i dag, 22. juli 2011, ramma terroren Noreg. Ei politisk motivert og rasistisk handling – eit angrep på Arbeiderpartiet og AUF. Eit angrep på vårt demokrati. Eit angrep på sosialdemokratiet. Denne dagen kjem aldri til å bli den same igjen.
I år er det 10 år sidan ord førte til handling og me mista 77 menneske i regjeringskvartalet og på AUF sin sommarleir på Utøya. Ungdommane på Utøya blei drepne på grunn av sine sosialdemokratiske verdiar og for deira engasjement for at desse verdiane skal ligge til grunn i utforminga av det norske samfunn óg i framtida.
AUF har gitt ut boka «Aldri tie, aldri glemme». Denne boka skildrar sterke historier frå overlevande og pårørande etter terroren. Det gjer vondt å lese om marerittet ungdommane opplevde på Utøya, og om konsekvensane for dei overlevande og pårørande i åra etter. Det er så vondt at det ikkje er til å begripe.
Tid gjer ting lettare å leve med, men fjernar ikkje såra. Det vil alltid stå igjen eit tomrom etter dei som skulle vore her.
Terrorangrepet rørte ein heil nasjon. Noreg stod saman etter terroren, med rosetog, varme og solidaritet. For å heidre dei 77 som mista livet denne fatale dagen, må me snakke om det som skjedde og kvifor det skjedde. Me må snakke om korleis me skal møte rasismen og høgreekstremismen som var grunnlaget for terroren 22. juli. Me må snakke om utanforskap, mobbing, rasisme og hatefulle ytringar. Tida har gjort oss litt meir robust til å prate om det som er vondt. Det er på tide å ta et oppgjer med det som låg bak terroren 22. juli 2011. For det er å snakke om det me hindrar ein ny 22. juli.
Terrorangrepet viste at demokratiet vårt er sårbart. Terroren 22. juli var eit høgreekstremistisk angrep mot arbeiderbevegelsen basert på eit hat mot innvandrarar og muslimar og eit hat mot likestilling. Demokratiet vårt er ikkje noko me skal ta for gitt. Det er noko me må kjempe for kvar einaste dag. I verda eksisterer ekstreme krefter som ikkje ønsker eit mangfaldig og fleirkulturelt samfunn, og som oppmodar til hat, rasisme og vald. Orda me bruker betyr noko. Ord er makt! Ord kan glede, ord kan trøyste, ord kan motivere, ord kan få ein nasjon til å føle fellesskap. Ord kan gjere ein skilnad. Tenk, du kan sei fine ord til ein som har det tøft og du kan endre livet til den personen. Berre ved å bruke ord.
Men ord kan óg såre, ord kan føre til hat, ord kan føre til frykt, ord kan svi meir enn slag og spark, ord kan føre til dei verste handlingar, ord kan skremme bort folk frå å delta i demokratiet vårt, ord kan føre til handlingar som gir oss 10 år med 77 tomme stolar. 10 år med 77 familiar i sorg. 10 år med ein nasjon i sorg. 10 år med eit sår som ikkje gror.
Det er vår jobb å gjere det trygt og godt i Sveio, i landet vårt og i verda. Det kan me alle gjere, ved å passe på kvarandre, verne om demokratiet vårt og stå opp mot hatefulle ytringar og passe på at ingen fell utanfor. Me skal være stolte av at me er eit mangfaldig samfunn, uansett kjønn, hudfarge, religion og legning. Bruk dine ord med visdom og klokskap så kan du gjere ein forskjell.
I dag skal me minnast dei 77 som mista livet for 10 år sidan. Mine tankar går til deira næraste, vener og familie. For å minnast dei som mista livet vil eg i dag plante ein rød rosebusk utanfor kommunehuset. I dag , i dagane og åra som kjem, skal denne minne oss om at me må snakke om det som skjedde, om angrepet på Arbeiderpartiet og AUF, om kvifor det skjedde, at det var politisk motivert, at det var ei rasistisk og høgreekstremistisk handling.
For å sitere AUF i boka dei har gitt ut:
«Til alle som har mistet livet til rasismen og høyreekstremismen.
Til alle som har fått kjenne på kroppen konsekvensene av at ord blir til handling.
For dere lover vi ikke ett minutts stillhet, men et liv i kamp».
Takk til dei som orker å fortelle sin historie og til dei som står opp mot alle dei hatefulle orda. Me står saman i minnet og i kampen for at 22. juli aldri skal skje igjen.
Linn Therese Erve
ordførar