lesarbidrag

Stort frammøte på sommarfesten

Når eg har lyst til noko, tenkjer eg at eg skal setja det ut i livet, i staden for å tenkja at andre skal fikse det for meg.

Dette er mottoet til LivOGLyst programmet som LivOGLyst-Buakrinsen, prosjektet under Bua Bygdelag, er ein del av.

LivOGLyst er eit program og nettverk for dei som ønskjer å vidareutvikla lokalsamfunnet sitt. Eit LivOGLyst-prosjekt skal leggje til rette for at alle som bur i området, får høve til å bidra.

Det var LivOGLyst-Buakrinsen, arbeidsgruppe for sosiale møteplasser, som tok initiativ og hadde hovudansvaret for gjennomføringa av sommarfesten på ferjekaien i Bua på laurdag, saman med mange lag og organisasjoner i krinsen.

Og det er ingen tvil om at dette vart sett pris på av lokalbefolkninga som møtte opp i stort tal og storkoste seg på festen. Det var omlag 150 frammøtte, og i tillegg svinga politikarkortesjen som var på MC-tur i Sveio innom.

Eit heilt topp initiativ. Folk får samlast og ungane får møtast. Kjempe god idé. Alltid kjekt med noko som trekkjer folk og gir dei høve til møtast. Dette var kommentarar som gjekk igjen da dei frammøtte vart spurde om kva dei synest om arrangementet.

Mange aktvitetar

Noko anna som også vart trekt frem var at det var eit arrangement som var lett å møta opp på. Bua Ungdomslag hadde sett opp grillar. Bua Bygdalag hadde ansvar for bord og benker. Forutan grillmat var det også mogleg å kjøpa seg nysteikte vaflar og kaffi, som Bua kvinne- og familielag, diska opp med.

Barna kunne velja mellom ei rekkje ulike aktivitetar blant dei fotball, basket, innebandy, badminton og såpebobler. Såpeboblene var det desidert mest populære. Såpebobler i alle storleikar flaug rundt i lufta saman med ei herleg lukt av nysteikte vaflar og grillmat.

Fylkesordføraren strakk innom

I tillegg til vanlege folk, stakk også fylkesordføraren i Vestland, Jon Askeland, innom for å få seg ein matbit og snakka litt om engasjementet sitt for LivOGLyst-programmet, og det å jobba dugnad. Vi spurte han: korleis kjenner du det er å vera her med så mykje oppmøte?

– Det er dette eg er oppvaksen med sjølv. Eg er vant til å jobba dugnad, så dette treff meg rett i hjarta. Dugnad verkar samlande. Det var ein gong då eg var ung at me ikkje fekk sjå på fotballkamp fordi me måtte jobba dugnad, men me hadde de kjekkare enn dei andre likevel, svara Askeland.

Halda liv i bygdemobiliseringa

Askeland var ordførar på Radøy då han første gong var med i eit LivOGLyst-prosjekt.

– Det var ei bygd på Radøy som trong hjelp til å byggja felleskap, og eg drog ut og åt pizza med dei. Nokon har tidligere prøvd å leggja ned liv og lyst-prosjektet i Vestland fylkeskommune. Men det fekk fylkeskommunen stoppa. Me skal vera ved sida av lokalsamfunnet og halda liv i bygdemobiliseringa, seier Askeland.

I LivOGLyst-Buakrinsen og Bua Bygdelag, har  me ei eiga arbeidsgruppe som jobbar med å få ein ny veg frå Grimstvedt til Krossleite.

Ny veg ligg i prioriteringsplanen

– Trur du det er noko fylkeskommunen kunne tenkja seg å vera med å prioritera?

Jon Askeland svara:

– Det ligg i prioriteringsplanen. Ein må berre få reguleringsplanen til kommunen på plass først.

Dette var, Svein Olaf Bua, styreleiaren i I LivOGLyst-Buakrinsen og Bua Bygdelag, glad for å høyra.

Takk til alle som bidrog til at dette blei ein kjempesuksess.

Eva Kleppe,
frivillig i LivOGLyst-Buakrinsen

Powered by Labrador CMS