lesarbidrag

Vinterminne frå 1950-talet:

Stålkontroll på skøyteisen

«Det er ikkje vinter i Sveio», var det ein som sa, «bara ein longe haust og ein tidleg vår som glir over i kvarandre». Det er så sant, så sant, tenkte eg, når eg som gut lengta etter snø og is. Men det stemde ikkje heilt. Av og til var kulda, isen og snøen der, og då var det kjempekjekt.

Kåre Johannes Glette har skrive om skøyteløp på Vigdarvatnet, ein viktig epoke i hans oppvekst.

I mitt første vinterminne er eg ein liten gut, kanskje 5-6 år. Det var kjempekaldt. Det var søndag og det var tjukk is på Vigdarvatnet. Ikkje ei snøfille å sjå, berre blanke stålisen så langt auga rakk. Heile bygda var på isen, vaksne som ungar, og dei kom seg fram. Anten på føtene, eller med skeiser, kjelke og sparkstøtting. Vi gjekk heilt til Vassnes og tilbake.

Eg sat på sparken og oppdaga grøne, lange grasstrå som var fastfrosne langt der ned i isen. Og eg hugsar eg opplevde ei glede og eit forunderleg fellesskap mellom barn og vaksne; smil og latter, hoing og skriking. Is og skeising det var kjempekjekt.

På tjødnå

Vi gjekk ikkje på skøyter i den tida, men på skeiser. Vigdarvatnet var sjeldan trygt. Eg og andre i  Sveio sentrum gjekk til tjødnå (tjørn, tjern) inn mot Mannaberget. Denne tjødnå var grunn, i mitt minne ganske stor, og her var det alltid måneskinn.

Her møttest vi, både gutar og jenter, vi hadde skruskeiser, skeiste i ringar og av og til leika vi tikken på skeiser. Etter kvart blei eg svært oppteken av å læra meg å krosskasta; løfta den eine foten over den andre slik at eg kunne skeisa i sving.

Det var sånt dei gjorde dei skikkelege skeiseløparane; Kupper’n og Roald Aas, Boris Sjilkov og Oleg Gontsjarenko. Og dei blei vi opptekne av. Haugesunds Avis bidrog sterkt til det, før store skeisemeisterskap var aviså fylt av sider med rubrikkar der namn, land, tid og plassering kunne fyllast ut. Vi sat klistra til radioen. Heile Sveio trudde eg.

Skikkeleg vinter

Vinteren 1958 var det sprengkaldt i lange periodar. Eg har notert i min første 7. sans at eg var på Vigdarvatnet og skeiste mest kvar einaste dag frå midten av februar til langt ut i mars. Vi laga først ein liten bane på 200 meter. Der konkurrerte vi om kor mange rundar vi kunne skeisa utan stopp.

Onsdag 19. februar hadde Oskar Arne (Bjelland) rekorden med 211, Otto Barane 201 og Trygve Sveen 200. Fredagen noterte eg i boka at eg hadde vore på Vigdarvatnet «som vanleg». Men denne dagen kom Birger Vikse og Anfin Anfinsen og målte isen og vurderte tilhøva. Idrettslaget ville arrangera skøyteløp på søndag.

Laurdagen var vi på isen igjen og måkte «ytre og indre bane» (du og du, nå blir det profft!). Vaksenkarane Birger Vikse, Reidar Lier og Torkel Sveen var med og måkte. Tidlegare hadde eg vore på postkontoret til han Anfinn og diskurte måking og måling, slik at vi kunne få nøyaktig banelengde både i ytre og indre.

Sveiomeisterskap på Vigdar stadion

Det blei lagt opp til to distansar, 400 m og 1000 m. Og samanlagt. Pluss to aldersgrupper; junior og senior. Stoppeklokker og vaksne tidtakarar var på plass. Stor publikumstilstrøyming til dette storhendet.

Eg hugsar eg var i super form på den tida og hadde planar om å slå han Olav Auestad. Men han var stor og sterk med kraftige fråspark som gav stor fart. Og han blei Sveio-meister 1958. Søndag 23. februar på Vigdarvatnet stadion. Men eg blei nr. 2 samanlagt, både på 400 m, 800 m og samanlagt.

I juniorgruppa varierte alderen frå 15 til 11 år. Det kjekke med dette stemnet var at både unge gutar og vaksne menn deltok. Vi gutane var: Oskar Arne Bjelland, Ivar Frønsdal, Svein Pedersen, Trygve Sveen, Otto Barane, Ludolf Bjelland, Oskar Emil Lie, Torstein Bjelland, Åge Nordskog, Einar Apeland (yngstemann). Seniorane var Knut Aase, Torkel Sveen, Malvin Bjelland, Anfin Anfinsen, Sigve Gerh. Aase og Sigurd Sveen. Seinare på dagen var eg og ein kamerat på kino i byen og såg Pyjamas Game, med Doris Day i hovudrolla (utruleg kva eg fekk tid til i den alderen). Vi var komne i kinoalderen nå.

Takk og pris

Onsdag 12. mars blei ein forferdeleg dag for meg. Eg og Ivar Frønsdal, søskenbarnet mitt, var og skeiste nedanfor posthuset, nær elvosen. Eg øvde på krosskasting, farten blei større og større, det same blei ringane.

Så mista eg kontrollen, segla inn mot ope vatn, gjekk gjennom isen, heile meg, panikken fylte meg, min siste time, tenkte eg, men kava meg framover med nokre sømjetak, for ikkje å komma under iskanten. Så ser eg eit andlet. Han Ivar hadde kasta seg ned på magen, han aka seg framover, ropte til meg og strekte ut handa. Så kjende eg eit fast handtak, han drog meg innover og så kravla vi innpå fast is. Takk Ivar! Du berga livet mitt. Du blei første klubbmeister i Sveio I.L. i 1956. Det var ingenting mot den prisen Du gav meg; Livsprisen!!!

Dagen etterpå ville eg ikkje treffa folk, alle grov og spurte, har eg notert. Til gagns lærte eg at det kan gå skeis når ein driv med skeising.

Powered by Labrador CMS