Den 4. juni køyrde to bilar fullpakka med forventingsfulle leiarar og rovarar avgarde mot Fjæra i Etne. Der inne skulle åtte av oss klatra opp den relativt nye Via Ferrata-løypa som går opp Kyrkjeveggen.
Turen var eit ledd for å bli betre kjende med kvarandre, og som leiarutvikling. Leiarane bør og få delta på kjekke opplevingar for å vera motiverte til å drive god speiding for medlemmane.
Fredag var vi ein tur til Jettegrytene på Rullestad. Dette er ein lettgått tur som gjev store opplevingar. Etter berre 45 minutt kunne vi utforske nokre av dei største jettegrytene som er å finne i Nord-Europa.
Laurdag skulle det store skje, og med strålande sol og god varme byrja gjengen å klatre rett opp Via Ferrata i Kyrkjeveggen. Kort fortalt var det ei stor oppleving, både fordi naturopplevinga i seg sjølv er så sterk, men også fordi mange verkeleg fekk utfordra seg sjølv og kjenne på meistring.
Leiarar og rovarar frå Førdespeidarane takkar for opphaldet på Åkrafjorden Nature B&B, og gler seg til nye oppgåver og opplevingar.
Kristin Brekke Hovland
Leiar for Førdespeidarane