lesarbidrag

Sivertståvo opna i Ørevik

Måndag 20. februar hadde me opning av Sivertståvo på Ørevik grendahus.

Sivertståvo er ei hedring av Sivert Ørevik som er kunstnar og har vore rektor ved Ørevikskule i mange år. Han har hatt fleire kunstutstillingar både på Ryvarden og i kulturkyrkja i Valestrand. Han fekk og ved ett høve vere med på Vestlandsutstillinga. Sivert er født og oppvokst  i Ørevik og var veldig glad i naturen rundt seg. Dette kjem godt fram i bileta hans som er mykje frå nærområda og Siggjo.

Det heile starta då Sivert flytta på sjukeheimen i Sveio. Me i bygda kjende på det at han ikkje berre kunne forsvinne. Han er synonym med Ørevik og alle her har eit forhold til han. Dette måtte me gjere noko med og då dukka ideen Sivertståvo opp og denne skulle sjølvsagt vere på grendahuset.

Me tok kontakt med familien Ørevik som blei veldig glad for det som me hadde lyst til å gjere. Me har fått lånt mange bilete og trykkplater som me har utstilt i ståva. Me har måla og pussa opp begge skuleståvene , men sjølvsagt er Sivertståvo laga litt meir spesiell.

20. februar hadde me då altså opning av Sivertståvo med kafe og lotteri. Familien Ørevik var representert ved Sigrid Johanne Ørevik (dotter), og varaordfører Ruth Østebøvik Eriksen representerte Sveio kommune. Det kom mykje folk frå nord og sør som ville sjå og gleda seg over dette som var blitt gjort.

Har du lyst til å komme å sjå, følg med i sosiale media kor me legg ut ulike arrangement framover eller leigd den sjøl.

Grethe Lier Alne

Leiar, Øvrevik grendahus

Powered by Labrador CMS