Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
lesarbidrag
Reisebrev frå Elfenbenskysten
Det er ein fredag i desember, sola skin og temperaturen ligg på rundt 35 grader på dagen no. Det er ei veke til juleafta, og alt anna enn den vanlege desembertemperaturen for oss. Og det er jo difor eg skriv, fordi me er her i nordvestlege Elfenbenskysten, midt oppi eit liv som er svært ulikt livet me kjenner så godt heime i Noreg. Det er på tide med eit reisebrev til lokalavisa vår.
Me er familien Strand, og me lever og jobbar i landsbyen Ouaninou. Astrid Karin og Hans Ole er tilsette som misjonærer for Misjonssambandet. Ungane våre går på den vesle norske skulen i Ouaninou. Me var i Kenya vinteren 2020 på familiebibelskulen TID Familie. Dette gav meirsmak på Afrika-livet, og no er me altså i Vest-Afrika for 2 år.
Dei første månadane her har vore innhaldsrike og ingen av oss var vel heilt budde på korleis livet i ein landsby i Vest-Afrika skulle bli. Dei 2,5 månadane me hadde i Nairobi var min første smakebit på Afrika. Storbylivet i Nairobi og i hovudstaden her, Abidjan, er nokså likt. Landsbylivet her i Ouaninou kan minne om landsbyar me besøkte på misjonsturane i Kenya. Det er mindre utval i dei enkle butikkane her enn i dei velassorterte supermarkeda som fins i storbyane. Det er noko me vestlege kjenner på, med våre i-landsbehov.
Det er rolegare rytme her på landsbygda enn i byane, her er dagane delte i før og etter middagspausen. Ein rytme som minner om «gamle-dagar» i Noreg. Jobb til klokka 12, middag servert då, deretter kvil til klokka 14. Så er dagen i gong att, fram til sola går ned.
Det viser seg at det er herleg med ei kvil midt på det varmaste på dagen. Ikkje lettaste rytmen å planlegge ein norsk skule ut i frå, men det går fint. Gymtimane her på skulen ligg til ettermiddagstid, gym frå 17 til 18 er godt, det er ikkje så intenst varmt då. Sola går ned klokka 18.30, og då senkar kveldsroen seg godt her. Ein kan høyre lydar av liv frå landsbyen frå tidleg morgon til me legg oss, imamane startar bønneropa tidleg og folkelivet høyres godt utover kvelden her på tomta vår, som er på ei høgd over byen.
Skulen ungane våre går på kom godt i gong, det er få elevar – 6 elevar til saman, og 4 av dei har Strand til etternamn. Bjørn starta i 1. klasse her, Ola i 3. klasse, Anne Sofie i 6. klasse og Karen Oline i 7. klasse. Dei to andre elevane er i 5. og 8.klasse, så her er det fordelt på mange trinn og få elevar. Det byr på utfordringar og mogelegheiter.
Det er eit ektepar frå Bergen som arbeider fullt i skulen, og både Astrid Karin og Hans Ole har timar i klassane. Det å ha nokre utflukter i dette eksotiske landet har vore nokre av dei spennande dagane for skulen. I Abidjan, i forlengelse av haustferien, vart det byomvisning til den store moskeen, flaggermustrea og ei stor katolsk kyrkje. Det er mange flaggermus i byen, og dei kan ein sjå henge i trea midt i finansbydelen Plateau.
Eine utflukta var til den store regnskogen Banco som også ligg midt i byen. Mallene var eksotiske! Varmen og fukta og dei vakre grøne vekstene – dette var ein spennande ekskursjon.
Denne veka har skulen vore på besøk til nokre damer som produserer attikè. Dette er laga av planta manjokk, og er ei av dei viktigaste næringsmiddela her. Manjokken vert fermentert og behandla videre i fleire ledd, til den er som ris eller couscos i konsistensen. Ungane fekk vere med i produksjonen, og avslutta med felles måltid med attikè og peanøttsaus. Nydeleg vest-afrikansk mat!
Arbeidet for Hans Ole sin del er ein del praktisk og det trivst han godt med. MELCI, altså Misjonssambandet her i Elfenbenskysten og Mali, har kyrkje i Abidjan, Ouaninou, Koonan og Dioman. Hans Ole følger opp kyrkjene i Koonan og Dioman, og har litt av stillinga si på å følge opp elevheimen her i Ouaninou. Det bur 4 elevar på internatet her, 10-14 år gamle, som kjem frå landsbyar som er for langt vekke til å dagpendle til skulen her i Ouaninou.
Tomta me bur på har skule, eit stort bibelsenter, elevheim og fleire bustadshus. Det er ein del folk innom i løpet av dagane, og ein får mange gode menneskemøter.
For nokre veker sidan vart det arrangert leir på bibelsenteret. Det er ein stor del av arbeidet her, leirar for både vaksne og barn. Denne gongen for vaksne, og det kom folk frå nabolandsbyane og var med frå tysdag kveld til søndag. Dette vart kjekke dagar på tomta. Storkjøkken utandørs med servering til omlag 50 menneske. Lyden av lovsong og trommer, Jesus-film framvisning på kveldane og mykje god bibelundervisning. I romjula skal det arrangerast barneleir i Koonan.
For Astrid Karin sin del er ho no med i eit alfabetiseringskurs i Koonan, ein landsby som ligg ein time vekke. Det er i tilknytning til kyrkja der, og eit tilbod me gir til damene. Det starta 4 damer for nokre veker sidan, og no er det 8 som kjem både mandag og onsdag ettermiddag. Det er undervisning ved hjelp av figurar dei kjenner frå kvardagen sin. Pilon er streken (den lange stanga dei brukar i morteren), callabass er buen (ei skål), sitron/lime er sirkelen og maiskornet er prikken. Ut frå dette lærer dei å skrive bokstavar, og å lese. I tillegg kjem tala. Det er givande, og damene inspirerer. Dei kan få betre liv av dette, og få den opplæringa er ikkje for seint. Det er svært mange analfabetar i dette landet, og mange barn går framleis ikkje på skule.
Fredag ettermiddag er det fast utflukt til Wasamadougo, ein landsby omlag tretti minutt unna. Då er det evangelisering ved hjelp av lydfiler på mahou-språket. Dette er arbeid som er gjort av oversettarane her, dei overset Bibelen til mahou, og evangeliet er også innspela på lydfiler. I denne landsbyen utan straum, er det ei kristen dame, og ho har tatt inititativ til dette. Det kjem omlag 15-20 damer og barn, og nokre menn.
Denne hausten hadde me samling for dei norske misjonærane i Elfenbenskysten her i Ouaninou. Denne helga fekk me opplæring i eit program kalla Use your talents. Dette skildrar noko av hovudoverskrifta for arbeidet vårt her. Me har ei tru og eit kristent bodskap å dele. Me har også lyst å motivere til at menneska i tillegg til den kristne trua, kan få nytta ressursane som er tilgjengelege og talenta dei har. Eine dagen etter konferansen besøkte Hans Ole ein av medlemmane i kyrkja vår her. Ekteparet er driftige, dei bur like ved ein av skulane i byen her. Kona har starta ei kantine, som sel middag til elevane i middagspausen klokka 12. Mannen har starta ei lita kopibok, der elevane kan kjøpe enkle kopiar og rekvisita til skulekvardagen. Dette rett utfor døra til heimen deira. Det er spennande å sjå korleis mange andre her også nyttar ressursane og evnene sine.
Kjekke ting i kvardagen er valpen vår Kovu, papegøyen Kayser, bassenget i hagen, mange nydelege turmulighetar både til fots og på sykkelen, varmen no i tørketida og god frukt. Folka som bur her, er gode på å ta imot nye – me kjenner på at dei er glade, rause og deler mange smil. Ein høyrer ofte «Bon arrivè», og det er verkeleg lett å kjenna seg velkommen her. Det betyr mykje i ein ny kultur. Dette minner meg på å dele frå den fine juleforestillinga skulen hadde her på Luciadagen. Det var Luciatog og -song. Og elevane hadde førebudd Papa Panovs julekveld. Den fattige skomakaren som så gjerne ville ha besøk av Jesus. I slutten av denne vakre fortellinga, fortel Jesus at Han har besøkt skomakaren. Gjennom møta med menneska i kvardagen til Panov, var Jesus der. I Matteus 25 står dette som Jesus seier: «For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg…» Deretter spør dei rettferdige kva tid dei såg Jesus slik? Svaret er dette: «Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg».
Me blir møtt med varme smil, ord og velkomst som er så godt å oppleva som framande her. Teksten utfordrar oss til å møte desse menneska slik Jesus ville møtt dei, midt i liva deira, som er så materielt fattigare enn våre. Det utfordrar å ta med denne standarden til livet vårt når me kjem attende til Noreg. Møte dei minste syskena slik me vil møte Jesus. Ei oppfordring til oss alle i inngongen til julehøgtida og det nye året.
Den vakraste julesongen for meg er denne: «En krybbe var vuggen som ventet Han her, det lille barn Jesus, vår frelser så kjær… Så enkelt og stille kom Gud til vår jord, så høyt er jeg elsket av Jesus, min bror.»
Her lever dei aller fleste svært enkelt. Jesus kom til alle. Han kom i ein enkel stall, og Han er verdas frelsar. Mange har tøffe liv, det er vanleg med mange koner, og dei vert ikkje alltid behandla så godt. Jesus kom til alle, fattig og rik! Me er glade for å få vera her og dele dette med desse flotte menneska me møter.
Med ønskje om ei god jul og alt godt i det nye året! Tusen takk for omsorg, bøner og støtte. Me saknar Sveio og Lier, og mange gode venner me har der!
Beste helsingar frå
Bjørn, Ola, Anne Sofie, Karen Oline, Astrid Karin og Hans Ole