lesarbidrag
Reidar Ådnanes til Sveio senioruniversitet
Måndag 16. mars får Sveio senioruniversitet storfint besøk på Vigdartun.
Jakob Sande er ein kjend og kjær diktar, særleg for oss vestlendingar. Me kjenner mange av dikta hans, songar frå ønskjekonserten og framføringar av populære visesongarar. Me veit at det var mange sider og stor spennvidde i diktinga hans. Reidar Ådnanes har eit foredrag der me vert kjende med både dei mørke sidene i diktinga og hjå diktaren. Spennvidda kjem til syne. Det vert spegla i tittelen: «Banning og bøn, naud og nåde».
Reidar Ådnanes har gjort teneste som prest i Sunnhordland og i sjømannskyrkja. Han har òg vore fast prest her i kommunen for om lag 25 år sidan, og i seinare år har han òg vore innom som vikar.
Helge Matré, Sveio senioruniversitet