lesarbidrag

Overnattingsseminar – eit blås frå Førde og Valestrand generasjonskorps

I helga var tolv ungar og tre vaksne samla på Førde samfunnshus for å spele korpsmusikk. G-nøklar, notar, julesongar, samspel og tavleundervisning av ein tålmodig dirigent (Simon Gilje) er stikkord som må nemnast. Skulemusikken har siste tida hatt vanskar med å rekruttere nye medlemmer til å vere med, men deltakinga i helga vitnar om oppblomstring for korpsmusikken i Førde og Valestrand – og det set me veldig stor pris på. Kva er vel 17. mai utan «Ja, vi elsker dette landet» spelt av korps frå nord til sør? 
For å støtta opp om skulemusikken har me no starta generasjonskorps i Førde og Valestrand, og me har det veldig kjekt saman. Øvinga er måndagar frå kl. 18-20. Oddetalsveker speler me på Valestrand oppvekstsenter og partalsveker på Førde samfunnshus. Sit du no heime med ei kriblande kjensle av at dette er noko du alltid har hatt lyst til å prøve, eller har spelt før og kjenner på saknet – tek me imot deg med opne armar og deler ut munnstykker og instrument med stor velvilje. 
No er det derimot julemusikk som står på agendaen, og det gir god stemning i seg sjølv. Musikantane øvde i tre timar laurdag og søndag, nokre av ungane tok til og med ein ekstra blåsetime før og etter fellesøvinga – så kjekt var det. Etterpå åt me hamburgarar og pølser, spela bingo og kosa oss saman. Me har fire nye aspirantar, som har deltatt med speling og notelærdom, desse er me veldig takksame for!
Vonar gehøret er velutvikla for oss alle denne helga og korpset blir å sjå på julekonserten i Valestrand kulturkyrkje 12. desember. Julelotteriet til korpset er i gong, trekning blir etter julegrantenning i dei respektive bygdene, 26. november. Her er masse flotte premier å vinna! 
Vil du følge utviklinga til generasjonskorpset, har me oppretta ein ny Instagram-konto kor me deler korleis me har det saman i korpset. Følg oss gjerne der! 

Dei fire flotte aspirantane våre: Eliza Petzáls , Leon Dagsland Økland, Amalie Sæverhagen og Amalie Skår-Brynestad.

Blås og ver glad!

Anne Lise Økland
Powered by Labrador CMS