Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
lesarbidrag
Ny innsamling til Ukraina
I slutten av oktober kjem Halvard Hasseløy igjen til Sveio i samband med ei ny innsamling til naudlidande og krigsoffer i Ukraina.
Hasseløy leiar organisasjonen Open Heart, som sidan 1992 har vore engasjert i hjelpeareid i Ukraina. Offer for Tsjernobyl-ulukka, fattige born og familiar og rusmisbrukarar har fått hjelp gjennom den kristne hjelpeorganisasjonen opp gjennom åra. Etter at Russland gjekk til åtak på Aust-Ukraina i 2014, og særleg etter utbrotet av fullskalakrigen i februar 2022, har hjelpearbeidet i hovudsak vore konsentrert om krigens offer.
Sidan februar 2022 har me køyrt inn 4.000 tonn med naudhjelp i form av klede, matvarer og mykje anna frå Noreg og andre europeiske land. Hjelpa blir fordelt over heile landet. Me har utdeling på 250 ulike stader, fortel Hasseløy.
Lokal samarbeidspartnar
Open Heart sin lokale samarbeidspartnar i Sveio har gjennom mange år vore Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn. Slik er det også i år. Det trengst store mengder klede og sko, sengetøy og tepper til interne flyktningar og dei som har mista alt etter drone- og rakettåtak. Leiker og julegåver til born er også kjærkome.
Reine og heile klede og anna utstyr, pakka i sekker eller esker, kan leverast på fire mottaksstader i Sveio dette året. I Valevåg skjer det i tilknyting til fredagskaféen 24. oktober. Dagen etter, laurdag 25. oktober, blir det mottak i Førde bedehus, Pinsekyrkja Filadelfia i Auklandshamn og i lastebil som blir parkert på Soknehuset sin parkeringsplass i Sveio senrum.
Basar med fine gevinstar
I tillegg til klede og sko, trengst det også pengar til innkjøp av matvarer og all anna drift av hjelpeorganisasjonen i Ukraina. Til inntekt for denne delen av hjelpearbeidet blir det arrangert basar i Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn søndag 26. oktober. Denne basaren er etter kvart blitt kjent for mange flotte gevinstar. Her er fiskeutstyr og strikkeplagg, maleri, dokkeutstyr, gåvekort frå ulike firma og mykje anna å vinna. Førehandssal av lodd er alt i gang.
I tillegg blir det også åresal på basaren med mellom anna fersk laks, kaker og sekker med ved på gevinstlista. Dei siste åra har resultatet av innsamlinga i Sveio gitt eit resultat på over 200.000 kroner. Målet kan ikkje vera noko mindre i år, sidan utfordringane er større enn nokon gong etter ein sommar og haust med intens russisk bombing over heile Ukraina.
Hasseløy held appell på basaren og vil fortelja meir om den dagsaktuelle situasjonen.
Einar Vestvik