lesarbidrag

Til høgre er den nye båten til Sveio Jakt, Fiske og Naturvern foreining.FOTO: PRIVAT
Til høgre er den nye båten til Sveio Jakt, Fiske og Naturvern foreining.

Ny båt i Sveio Jakt, Fiske og Naturvernforeining

På årsmøtet vart det budsjettert med pengar for å kjøpa ny båt i foreininga til Sveio Jakt, Fiske og Naturvern (JFNF).

Ynskjet var å kjøpa ein båt som kunne brukast av dei fleste, som var enkel og trygg å bruka. Me var innom mange forslag til båtar i løpet av våren som var tent med vårt formål.
For å ikkje tømma kontoen heilt, så vart det sendt ut skriv til mange bedrifter om dei ville støtta oss i å oppgradera båtparken.

Båten skal brukast til fiske med garn, havfiske, dorging, strandrydde-aksjon, opplæring av barn og ungdom i fiskeaktivitetar og i samanheng med sjøfugljakt.
Etter som våren gjekk mot sommar, så ramla det inn pengar frå bedrifter som ynskte å støtta oss.

Til saman kom det inn totalt 92.000 kroner. Dei som sponsa oss var Sparebank 1 SR Bank med 40.000 kroner, Bremnes Seashore med 30.000 kroner, Ølen Betong med 10.000 kroner, Grieg Seafood med 5.000 kroner, Alde Akva 5.000 kroner og Fylkesnes Bil med 2.000 kroner.

Eg vil retta ein stor takk til desse sponsorane som ville vera med å støtta oss i dette prosjektet. Utan dei så hadde me ikkje kunne kjøpa ein trygg og god båt i foreininga. Då måtte me slanka kontoen betrakteleg.

Etter mykje fram og tilbake på kva båt me ville ha, så hamna me på båttypen Uttern C56/ Sandstrøm 560. Me såg på både nytt og brukt.
Plutseleg kom det ein strøken Uttern C56 med 50 hestekrefter til sal på Finn.
Då tok to frå styret å kasta seg i bilen for å sjekka den ut. Denne båten var så bra at dei handla på vegner av foreininga og tok den med seg.

Båten er fortøydd i båthamna på Våga idag, der me leiger ein bås. Båten har vorte installert med elektronisk nøkkelboks. Ein får opna boksen med ein midlertidig engangskode som ein får ifrå båtansvarleg.

Båten er gratis å låna for medlemmar av Sveio JFNF, mot at ein fyller opp tanken etter bruk. Det er fire-takts motor, så den skal ikkje ha olje i bensinen.

Me stiller krav til at den som skal låna båten har båtførarbevis eller alder i henhold til regelverket. Det vert også gjeve opplæring for bruk av båt. Ein må avtala i god tid for å få opplæring før lån.

Den som låner båten er ansvarleg dersom det vert skade på båten.

Me planlegg å kjøpa og montera ein baugmontert el-motor som held båten på plass med GPS, slik at ein kan havfiska utan å ankra opp.

Vidar Høyland
Leiar, Sveio Jakt, Fiske og Naturvernforeining
Powered by Labrador CMS