lesarbidrag
Medaljedryss i Salamanderparken
Mange medaljar blei hengt rundt halsen til springeglade barn då Salamanderløpet gjekk av stabelen i helga.
Det stod hverken om plasseringar eller heider og ære då fleire titals barn samla seg utanfor Sambrukshuset i helga. Det handla om meistring og idrettsglede, og at mange synest at det var stas å få premie i «gull» og norske fargar.
Etter to års ufrivillig pause, gjekk årets Salamanderløp over all forventning. Vêret spelte på lag, og tal påmelde var nok meir enn nok for å setja ny rekord for tal deltakarar.
I forkant av arrangementet var Sveio IL spente på kor mange som ville dukka opp, og rigga derfor til middels mange deltakarar. Folk kom sigande til Sambrukshuset før påmeldinga starta, og etter kort tid måtte det i ein fei handlast meir frukt og smoothie for å ha nok til alle deltakarane.
Totalt blei det seld 159 startnummer – det er meir enn nokon gong for Salamanderløpet, som blei arrangert for 7. gong sidan oppstart i 2013.
– Kanskje folk set pris på at det skjer noko igjen. Det var flott å sjå at så mange kom, seier Lillian Rommetveit, leiar i idrettslaget. Ho er også godt nøgd med gruppa av frivillige som var med på planlegga og arrangera.
– Dei gjorde ein super innsats, rosar ho. Totalt er det 10 frå idrettslaget som har vore på med planlegging, innkjøp, kakebaking og arbeid på sjølve dagen, i tillegg til to ungdommar.
Salamanderløpet er eit effektivt arrangement, for alle løpa var ferdige innan halvtimen var gått. Medan nokon rusla heimover etter at ungar og barnebarn var premierte, tok andre seg god tid til å handla i kaféen og snakka med kjende etter løpet.
– Me har fått fine tilbakemeldingar frå dei som var med, men også innspel til kva som kan gjerast annleis neste gong, mellom anna å ha fleire folk ute i løypene for å hjelpa til om nokon skulle slå seg, eller komma ut av løypa, seier Rommetveit.