Det var smil, sol og superstemning då Spretten og Lid 4H inviterte til fylkesleir i Lid-krinsen 6.–9. juni. Rundt 100 barn og ungdommar frå heile fylket tok turen for å vere med på ei helg full av aktivitetar, latter og teltliv. Og det blei akkurat så bra som vi hadde håpa – kanskje til og med litt betre!
Leiren hadde base i Lid, og det var tydeleg at både deltakarar og arrangørar kosa seg frå første stund. Foreldra i 4H-klubben stilte opp som ekte heltar og sørga for at alt gjekk som ein draum – frå mat og rigging til tryggleik og stemning. Det var verkeleg ein felles innsats!
Miljøtorget, som H.A.N.S.A. hadde ansvaret for, blei fort det sosiale midtpunktet med både musikk og artige konkurransar. Her samla folk seg i kveldstiden, og det var alltid noko å finne på. Og som om ikkje det var nok – Lid 4H klinka til og stakk av med sigeren i både volleyballturneringa og tautrekkinga! Lokal stoltheit på sitt beste.
Leirlivet innebar sjølvsagt overnatting i telt – tre netter under open himmel, med eit par stjålne teltpluggar og mykje god stemning. Vêret spela heldigvis på lag, og det blei både varme dagar og fine kveldar. Fredag kveld fekk me i tillegg storfint besøk av ordføraren og Glennen, som sørga for ein fin opptreden med koselig musikk. Laurdagen var spekka med heile 9 ulike aktivitetar, noko for alle. Søndagen runda me av med ein tur til Vikingfestivalen, der mange fekk prøve seg som ekte vikingar for ein dag.
Kvar kveld var det stand-up-bingo, leik og morro, og eit kveldsshow som samla alle. Det er noko heilt eige med å vere samla rundt scena etter ein lang dag med opplevingar – trøytte, glade og fulle av nye minne. Alt i alt: ein uforgløymeleg helg i Lid-krinsen. Tusen takk til alle som bidrog – me gler oss alt til neste år!
Linnea Bergesen, leiar i Lid 4H
og
Linnéa Vikse, leiar i Spretten 4H