lesarbidrag

Krinskonkurranse og NM i speiding 2021

I år blei krinskonkurransen i speiding gjennomført desentralisert og digitalt. Der ein tidlegare år har samla alle speidarane i krinsen for å konkurrere og ha det sosialt, måtte ein i år tenkje nytt pga. koronapandemien.

I fjor blei konkurransen avlyst, men i år blei det bestemt at speidarane skulle få gjennomføre konkurransen på heimplassen sin.

Oppgåvene ble lagt ut digitalt, og speidarane måtte innan gitte fristar utføre oppgåvene og sende inn dokumentasjon digitalt. Førdespeidarane som stilte med tre patruljer i konkurransen var spente på korleis det nye opplegget ville fungere. I tillegg var speidarane frå Førde regjerande krinsmeistrar frå 2019.

I år var det tilsaman 19 patruljer frå Ryvarden krins som deltok, det var mellom anna patruljar frå Bokn, Karmøy, Bømlo, Stord og Etne.

Fredag 11. juni starta konkurransen, den varte til lørdag kveld. Det blei konkurrert i å rigge leir, lage fuglekasse, artskunnskap, lage eit kunstverk av det ein kan finne i naturen, teorioppgåver, underhaldning og sist, men ikke minst: primitiv matlaging.

I matlagingsoppgåva laga speidarane to rettar som aller helst skulle vere næringsrike og innbydande. Her var det viktig å ha god hygiene, spise saman og rydde og vaske opp etter maten. Alt innan tidsfristane. Og dersom nokon skulle vere i tvil: speidarane sov sjølvsagt i telt frå fredag til lørdag.

Etter to dagar med tevling gjekk «Koronapatrulje Sveio» heilt til topps, og dei skulle med det få delta i superfinalen og eventuelt i NM. Det som var mest overraskande var at «Koronapatrulje Førde 2» kom på 4.plass, slik at dei og blei kvalifisert til NM.

NM blei også avvikla desentralisert, og dette gjekk føre seg på Ryvarden krins sin leirplass på Lier søndag 13. juni. Det var då dei fire beste patruljane frå dagen før som skulle møtast og fortsetje tevlinga.

Søndagen blei diverre ein lang, våt og kald for speidarane, og til slutt vann «Koronapatrulje Sveio» nok ein gong. Resultat deira blei med det sendt over for direkte deltaking i NM.

I skrivande stund er ikkje resultata frå NM klare, men det som er heilt klart er at Førdespeidarane nok ein gong er krinsmeistrar. Vi gratulerer alle speidarane våre med den gode innsatsen i krinsmeisterskapen.

Kristin Brekke Hovland
Leiar for Førdespeidarane

Powered by Labrador CMS