Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
lesarbidrag
Koseleg julemarknad i stallen
Laurdag 30. november var det femte året med julemarknad i Stall Hanadalen i Valevåg.
Det var mange forskjellige utstillarar som hadde med seg mykje flott lokal mat og handverk. Som heimebakte julekaker og lefser, julekransar, saueskinn, kjøtvarer, honning, barnetøy, glaskunst, juleblomster, handlaga kort og mykje meir.
Det var ein jamn straum av besøkande, og folk nytta anledninga til å handla julegåver og kosa seg i lag. Denne marknaden har spesielt god stemning sidan den held til inn i sjølve stallen, og med hestar i båsane.
Moro var det også, då hestane blei tatt ut slik at de ungane som hadde lyst fekk prøve å ri medan dei blei leia rundt på området.
Det var også moglegheit til å setta seg ned og ta seg ein matbit. Arrangøren hadde kafé med lapskaus, pølse i brød og eit godt utval med kaker. Utstillarane bidrog med gevinstar i eit lite lotteri, som gjekk til å dekka utgiftene som følger med å arrangera julemarknaden.
Bente Jøsang