lesarbidrag

Kjekk kveld for Spretten 4H

Søndag 7. november feira Spretten 4H på Vikse sin årlege haustfest. Me hadde 35-årsjubileum og hadde besøk av gjester, Agnete Flatnes Skarveland frå fylkesstyret i 4H og ordføraren i Sveio.
I løpet av kvelden hadde me pizza, loddsal, show på scena, kake og catwalk. Alle medlemmene viste fram prosjekta med ei lita utstilling kvar.
I år hadde Spretten 4H totalt 13 medlemmer. Alle laga flotte utstillingar, alt frå mat, fiske, tur, teknologi og mekking, baking, drill, sau og til vedproduksjon! Dei fekk inn masse flotte gevinstar frå lokale bedrifter i Sveio sentrum, og medlemmene sjølv. Det var ein kjekk kveld der store og små koste seg.
Eg vil takka for godt oppmøte, flott fest, og eit utruleg år med styret og ikkje minst alle dei flotte medlemmene med foreldre/føresette! Er du interessert i å starte i 4H og bur i Viksekrinsen, eller ein anna stad, ta kontakt med underteikna, gjerne på Messenger.
Marie Emberland,
leiar i Spretten 4H

Powered by Labrador CMS