lesarbidrag
Julebingo traff blink
Fredag 13. desember blei ein kjekk kveld med bingo på Lid grendahus. Stemninga på familiearrangementet var alt anna enn uheldig, på trass av den berykta datoen. Med rundt 80 frammøtte var det full aktivitet og god førjulsstemning i salen.
Fire rundar med spennande bingo fekk opp spenninga blant bingospelarane. Her var det alt eller ingenting – sjølv dei yngste sat som tente lys og håpa på å få rope ut det magiske ordet: «Bingo!»
Dei flotte premiane gjorde sitt for å halda konkurranseinstinktet skjerpa. Alt frå Flax-lodd og julesnop til spekemat og gåvekort låg i potten, og stemninga steig for kvart nummer som blei ropt opp. Etter kvart som bingovert og initiativtakar Øyvind Opheim snurra fram bokstavar og tal, blei det sirleg sirkla inn eller kryssa av på dei mange bingobretta i salen. Ein kunne nesten kjenne spenninga i lufta, spesielt når nokon mangla få tal for å få ei rekke.
Jakta på mandelen
Midt mellom spelrundane blei det servert rykande varm graut til alle frammøtte. Jakta på mandelen i grauten var minst like spanande som bingospela.
Og som prikken over i-en kom sjølvaste julenissen på besøk med eit stort «ho-ho-ho». Han delte ut godteri til dei minste og spreidde glede til både små og store.
Tre fulle langbord
Oppslutninga var så god at nesten tre langbord vart fylt opp, og latteren og praten sat laust heile kvelden. Tilbakemeldingane frå dei frammøtte tyder på at dette var noko som kan gjerast igjen. Og det som er fint med mange deltakarar på eit bygdearrangement, er at ryddekomiteen er stor. På kort tid var det meste av bord og stolar tilbake under scena. God jobba!
Ein stor takk til initiativtakaren som stelte i stand denne kvelden, med litt hjelp i kulissane.
Irene Flatnes Haldin