lesarbidrag
Jubileumstur i Bua kvinne- og familielag
Bua kvinne- og familielag fyller 70 år i år. Dette blei feira med tur til Austevoll laurdag 1. juni. 16 personar var med på turen.
Tåkeskyene letta då me kom fram til Hufthamartunet der me blei møtte av ei blid dame frå Austevoll kommune. Me fekk god omvisning og tid til å rusla rundt. Deretter bar det til Bakkasundet. Her fekk Joker-butikken god avsetnad på is og boller som me nytte i solveggen.
Me var utom Kalve, og me enda opp i Bekkjarvik – med tid til shopping, tur i parken eller på utekafeen ved senteret.
Høgdepunktet var likevel middagen i Bekkjarvik gjestgjeveri. Fine festbord møtte oss før me fekk servert nydeleg middag og dessert. Litt historisk tilbakeblikk, quiz og noko å le av blei det også tid til.
Ein nøgd gjeng avslutta dagen på ferja mellom Husavik og Sandvikvåg.
Annonse
Jubileumskomiteen
Solveig, Ingebjørg og Astrid