lesarbidrag

Jaktskytterskule for ungdom

Sveio Jakt Fiske og Naturvernforening har i haust arrangert jaktskytterskule, som er eit tilbod til ungdom i aldersgruppa 12-19 år.

Her blir det gitt ei grundig innføring i NJFF sine skytegreiner, sikker våpenhandtering, våpentypar, ammunisjon og sjølvsagt opplæring og trening i skyting. Hovudvekt på skytinga er skyting på elektronisk blink, jaktfelt og jegertrap.

Deltakarane vil etter fullført skule kunna delta i konkurransar innanfor NJFF sine skytegreiner. Jaktskytterskulen er også ei god førebuing for dei som ønsker å ta jegerprøven.

Det var fem ungdommar som meldte seg på til årets jaktskytterskule. Det er kjekt å instruera elevane til denne aktiviteten, spesielt når dei treff veldig bra på elektroniske blinkar. Instruktør for årets jaktskytterskule er Bjørn Christian Kallevik.

Vidar Høyland
Leiar Sveio Jakt Fiske og Naturvernforening

Powered by Labrador CMS