Lørdag 3. april er ein gjeng samla på kaien i Buavåg. Invitasjon frå Slettaa dykkerklubb, ved dykkar Mariusz Buryj, er komen til pensjonistane i nabolaget. Henting av dekk i sjøen frå gammal ferjekai er tema. Slettaa dykkerklubb har sett ut fleire konteinarar langs kysten i Sveio, og organiserer henting og tømming av desse. Frivillige plukkar plast og anna drivgods langs kysten vår.
13 store bildekk og eit toalett blir dagens fangst, i tillegg til skjell, trollkrabbar, sjøanemonar og diverse skumle småkryp. Dekka er nå heist opp i konteinaren ved hjelp av ein snill nabo med traktor.
Sveio båtforening og nabolaget takkar Slettaa dykkerklubb for initiativet. Det er også planlagt nattdykk under fergekaien i Buavåg til sommaren, for å henta opp store dekk som ligg på botnen der. Her trengst det kranbåt eller kranbil for å få dekka på land, men dette skal me få til, seier Mariusz Buryj.
Ivar Kallevik