lesarbidrag

Gode opplevingar rundt bålet i Valestrand

Rundt 100 personar tok turen til gapahuken i Eivindsmarka laurdag for å markera opninga av Friluftslivets år 2025.

Med temaet «Heile Noreg båler» som inspirasjon, inviterte Sisu 4H til ein dag fylt med samhald og naturglede – og sjølvsagt pølser, pinnebrød og lappar på bålet.

– Dette blei ein veldig fin dag! Å sjå så mange møta opp og dela gode opplevingar i naturen er akkurat det me ønskte oss, seier ein nøgd Viljar Valen Spångberg, styreleiar i Sisu 4H.

Gapahuken i Eivindsmarka ligg berre 15 minuttars gange frå Valen kapell, og med naturen som kulisse gav det rom for både leik og gode samtalar. Både barn, vaksne og eldre fann vegen til det idylliske turområdet, og fleire peika på kor viktige slike samlingar er for å skapa fellesskap og pusterom i ein hektisk kvardag.

Arrangementet i Valestrand var eitt av mange over heile landet denne helga. Til saman er over 300 markeringar planlagde, som ein del av den nasjonale feiringa av friluftslivet.

– Dette blei ein suksess. No håpar me dette blir starten på eit år der fleire tek i bruk naturen saman, både i Sveio og elles, avsluttar Spångberg.

Håvard Tvedte

Powered by Labrador CMS