lesarbidrag

«Sleipner» nummer to gjekk på eit skjer nær Ryvarden fyr like over nyttår 1976, på veg mot Stavanger.Foto: Helge Sunde
«Sleipner» nummer to gjekk på eit skjer nær Ryvarden fyr like over nyttår 1976, på veg mot Stavanger.

Full fart med hurtigbåtane

Hurtigbåttrafikken på Vestlandet har ein over seksti år lang tradisjon. Kapabel forlag i Bergen har i haust gitt ut ei bok som handlar om hurtigbåtar i lokale farvatn.

Bokomtale

Bok: Full fart!

Fofatter: Harald  Sætre

Kapabel forlag  2022

144 sider

Boka «Full fart» presenterer hurtigbåtar som har gått i rutetrafikk på Vestlandet.

Forfattaren av boka «Full fart,» Harald Sætre, auser sjenerøst av si rikhaldige kunnskapskjelde, og fortel inngåande og engasjert om dei forskjellige fartøya som er blitt nytta gjennom åra. Han konsentrerer seg mest om hurtigbåtane til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap, HSD. Dette transportselskapet vart stifta i Bergen i 1880, og var operativt i området mellom Bergen og Haugesund i rundt 125 år.

Den første hydrofoilbåten til HSD fekk namnet «Teisten,» og vart sett i trafikk mellom Bergen og Sunnhordland på ettersommaren 1961. Båten vart kondemnert hausten 1969 etter eit havari i Tysnes kommune.Teikning: Bård Kolltveit

HSD fekk sin første hurtigbåt, hydrofoilen  «Teisten» i 1961, eitt år etter at to reiarlag i Rogaland hadde sett i gang ei hydrofoilrute på strekninga Stavanger – Haugesund – Bergen. Faste anløpsstader for «Teisten» var Leirvik, Tittelsnes, Ølen og  Skånevik.

I ein periode var forresten opplegget slik at den første turen på kvardagane frå Bergen,  hadde Tittelsnes som siste stopp. Det var lagt inn ein lengre pause her før returen til Bergen, og under opphaldet på Tittelsnes fekk mannskapet servert middag hos familien Skåden på kaien.

Flaggruten og «Sleipner»

Boka om hurtigbåtar på Vestlandet inneheld ein omfattande presentasjon av båtmateriellet som vart nytta mellom Stavanger og Bergen. Hurtigbåttrafikken på denne  strekninga kom i gang i 1960, og frå sommaren 1974 vart ruta marknadsført under varemerket Flaggruten.

«Sleipner» nummer to gjekk på eit skjer nær Ryvarden fyr like over nyttår 1976, på veg mot Stavanger.

Westamaranar skulle etter kvart erstatta hydrofoilbåtane som transportmiddel. Like eins førte endringane i 1974 til at HSD kom til å bli ein av operatørane i sameiget Flaggruten.

Ved årsskiftet 2014-15 vart Flaggruten lagt ned. På det tidspunktet hadde transportøren Norled driftsansvaret.

Fire forskjellige hurtiggåande båtar – den første var hydrofoil- har bore namnet «Sleipner.» To av dei vart utsette for ulukker medan dei var i rutetrafikk, begge gongene i nærleiken  av Ryvarden fyr. Seksten menneske mista livet i tragedien med «Sleipner» nummer fire, i slutten av november 1999. Men tidleg i januar 1976 gjekk også «Sleipner» nummer to på eit skjer, undervegs frå Bergen til Haugesund og Stavanger. Ingen mista livet i ulukka, men fleire av dei som var om bord vart skadde. Forfattar Sætre nemner, naturleg nok, begge desse hendingane i boka si.

Varig  verdi

Hydrofoilar og westamaranar utkonkurrerte etter kvart dei gamle, konvensjonelle rutebåtane, og revolusjonerte sjøverts samferdsel i kyst- og fjordstroka på Vestlandet. Framstillinga til Harald  Sætre følgjer utviklinga av hurtigbåttrafikken her vest nærast år for år, og boka «Full fart» evnar å kalla fram samferdselsminne frå ei nær fortid. Mellom bokpermane er det dessutan rikeleg med foto av snøggbåtar til HSD og andre transportselskap. Det omfattande og til dels eksklusive biletmaterialet er med på å gi boka varig verdi.

Svein Elling Austbø

Powered by Labrador CMS