lesarbidrag

Ein treng ikkje reisa langt for store naturopplevingar. Her Sjur Lothe på isfiske i Ålfjorden. Foto: Privat
Ein treng ikkje reisa langt for store naturopplevingar. Her Sjur Lothe på isfiske i Ålfjorden.

Friluftsliv og naturgleder under nordnorsk himmel

Måndag kjem tidlegare lektor Sjur Lothe til Sveio senioruniversitet. Gjennom heile livet har han hatt ei lidenskapeleg dragning til fiske og friluftsliv.

I løpet av dei siste 10 åra har han halde ei rekkje naturforedrag om stader han har reist til, som Alaska, Canada, Svalbard, Grønland og fleire stader i Norge.  I det siste har han også halde fleire kåseri om Helge Ingstad sine reiser i Arktis.

Tidlegare tilhøyrarar har ofte framheva Sjur Lothe si evne til å formidla stemningar kombinert med ei god dose humor. Foredraget på senioruniversitetet vil hovedsakeleg dreia seg om opplevingar frå Sørøya i Vest-Finnmark. Det blir også nokre innslag frå heimkommunen  Sveio.

Innleiingsvis vil Sjur Lothe fortelja om episoder frå Hardanger. Sjå annonse i avisa – og facebooksida til Sveio senioruniversitet.

Helge Matre

Powered by Labrador CMS