lesarbidrag

Sveio er ein av få kommunar som har jakt på rådyr i Hordaland (Vestland).
Sveio er ein av få kommunar som har jakt på rådyr i Hordaland (Vestland).

Fleire deltok på jakt i Sveio førre sesong

Jaktåret 2020 er historie, der ein «landa» på 177 felte hjort – det er 15 fleire felte dyr enn året før. Jaktbart areal er 213 456 daa i Sveio kommune.

Sveio har 44 hjorteviltvald, to av desse er storvald. Det eine storvaldet dekkjer store deler av Valestrand, det er Førdespollen hjortevald med eit jaktbart areal på 32 097 daa. Det andre er Indre Ålfjorden hjorteviltlag som strekkjer seg frå Førde i nord, sør mot Fjon, utover til Haukås. Dette valdet har eit jaktbart areal på 46 639 daa. Samla har desse to valda eit areal på 78 736 daa – det utgjer omlag 37 prosent av jaktbart areal i kommunen.

Desse valda har utarbeida eigne driftsplanar, med varigheit på fem år. Dei har utarbeida plan for uttak av tal dyr, alder og kjønn. Desse valda kunne ta ut 113 dyr samla for jaktåret 2020, det blei felt 72 dyr. Desse valda er grunneigarstyrte og veldrivne, der ulike område er delt opp i jaktfelt.

I Sveio har me etter måten mange små vald som får tildeling av løyve etter målretta avskyting, det. vil seia at valda får tildelt eksakte dyr. Dei to storvalda har stått for omlag 50 prosent av felte dyr gjennom dei seinare åra. Forvaltninga ser det er stor føremon å ha store grunneigarstyrte vald, organisert av grunneigarar. Viltforvaltninga vil vera premissleverandør.

Hjorten er godt etablert i nord, aust, delvis i sør og området rundt Emberlandsnipen. I andre område er det mindre hjort. Det blei gjeve 272 fellingsløyve for hjort i år 2020. Fellingsprosenten blei såleis omlag 65 prosent for heile kommunen. Eg vil ta med nokre område i kommunen, der det er ein del hjortedyr for å sjå kva fellingsresultatet blei i områda.

I Valestrand er det 9 vald, desse har eit jaktbart areal på 52 722 daa, som utgjer omlag 24,5 prosent av totalt jaktbart areal i kommunen. For året 2020 blei det gjeve totalt løyve på 77 dyr, det blei felt 54 dyr, av desse felte var det 25 dyr felt i storvaldet Førdespollen hjortevald, resten i dei mindre valda. Fellingsprosenten vart omlag 70 prosent i Valestrand.

Tek me for oss valda på Tittelsnes, som er ein del av Valestrandområdet; her er det tre vald, med eit samla jaktbart areal på 10 604 daa, desse valda fekk tildelt 15 dyr, det blei felt 13 dyr, dette gjev eit fellingsresultat på 86,5 prosent.

Indre Ålfjorden hjortevald; Samla jaktbart areal er 46 639 daa, valdet kunne ta ut 77 dyr, det blei felt 47 dyr, dette gav eit fellingsresultat på omlag 61 prosent.

Området rundt Emberlandsnipen; som omfattar 6 vald med eit samla jaktbart areal på 43 894 daa, det blei gjeve 53 fellingsløyve og det blei felt 47 dyr, dette gav eit fellingsresultat på omlag 89 prosent.

Fordeling av felte dyr i høve alder og kjønn viser slikt resultat for heile kommunen:

Målsetjing er å ta ut omlag same tal hanndyr som hodyr gjennom jaktåret. For år 2020 viser denne for Sveio; 100 felte hanndyr og 77 felte hodyr. Dette gjev ei fordeling mellom kjønna; 56,5 prosent hanndyr og 43,5 prosent hodyr. Dette er ikkje noko urovekkande «ujamn» fordeling, når me ser fordelinga mellom dei vaksne produksjonsdyra, likevel kunne det vore ønskjeleg med eit litt større uttak av hodyr på grunn av at hjortestamma er veksande i kommunen og regionen vår.

Minsteareal for fellingsløyve er 750 daa, denne er lik i heile kommunen. Forvaltninga har høve til å fråvike minstearealet med +/- 50 prosent, det vil seia gje auka eller redusera løyve. Døme; ein kan få tildelt to dyr med eit areal på 750 daa, eller ein kan få tildelt eit dyr på 1500 daa. Ein skal vera forsiktig med å uthola regelverket ved slik tildeling.

Hjortebestanden er aukande i Sveio, og Viltforvaltninga i Sveio vurderer auka tildeling av jaktløyve i område med mykje hjort også for jaktåret 2021.

Viltforvaltninga i Sveio tildelte fleire løyve for år 2020. Det blei gjeve auka tildeling i område med mykje hjortedyr. Fellingsresultatet vart slik ein føresåg utviklinga av bestanden.

Grunngjeving for å auka tildeling av jaktløyve på hjort er å redusera beiteskade på jordbruksareal og skogkultur. I tillegg til at me skal ha ei livskraftig hjortestamme i kommunen. Det er såleis viktig at viltforvaltninga får inn melding om beiteskade, observasjonar av dyr m.m. frå grunneigarar i kommunen.

Skrapdyr; i Sveio har me definisjon på skrapdyr (dyr som er magre, små, skada eller har sjukdom). For kalv er grensa sett til 15 kg og lågare, for ungdyr sett til 35 kg og lågare. Er det felt dyr som kjem under desse vektgrensene får valdet tildelt nytt løyve. Valda må gje melding til viltforvaltninga innan 24 timar, dyret skal vegast og kontrollerast. Målet er å få bort skrapdyr.

Skrantesjuka; dette er ein alvorleg sjukdom som kom til Noreg i 2016. Hjernen til dyret blir angripe, og det vil dø av sjukdomen. I Noreg er det villreinstamma i området Nordfjella som grensar mot Eidfjord, kor sjukdomen først blei oppdaga. Så langt er det på villrein og to elg ein har funne smitte, ikkje hjå hjort. Smitten spreier seg m.a. frå dyr til dyr, rovfugl og andre åtseletarar kan også dra smitten med seg.

Slakt og slakteavfall som ein tek med seg ut frå smitta område, kan vera smittespreiar. Myndigheita følgjer utviklinga tett. Kva kan følgjene bli for hjortebestanden i Sveio? Så langt blir det teke prøvar på fallvilt, som blir sendt inn til veterinærstyresmakta, så langt er det ikkje påvist noko smitte hjå oss. Viltforvaltninga følgjer utviklinga, slik at me er godt oppdatert på området.

Rådyr; I Sveio blei det i fjor felt 93 rådyr i jaktåret 2020. Kommunen har ikkje noko særleg målsetjing for rådyrbestanden, meir at ein ønskjer at den er så låg som mogleg. Rådyr greier ein ikkje å halda nede med jakt, reproduksjonen hjå rådyr er rimeleg stor, dvs. det er vanleg at den føder to kje, det er faktisk meir vanleg at den får tre kje enn eitt kje. Det er rovdyr som held den meir i sjakk, som t.d. rev, rovfugl også truleg gaupe (me får innimellom melding om observasjon om gaupe).

Rådyr lever gjerne i stammer på 8-15 dyr, dei er mindre skjerre og oppheld seg gjerne der det er busetnader, der dei kan verte ekspertar på å forsyna seg av det som er i hagar.

Jakttid for hjort- og rådyr har vore uendra dei siste ti åra, det vil seia jakt på hjort er frå tida 1. september til og med 23. desember. For rådyr er jaktida; rådyrbukk frå 10. august til og med 23. desember, for geit og kalv frå 25.09 til og med 23.12.

Revidering av jaktføreskrifta skal ut på høyring denne våren. Forskrifta handlar om jakttider for jaktbart vilt. Jakttid for storvilt skal opp til ny vurdering.

Sveio kommune er medlem av det interkommunale hjorteviltutvalet på Haugalandet DIH som omfattar i alt 9 kommunar, i dette utvalet har kommunen vår ein representant. Det utvalet er eit viktig utval, dei kjem med fagleg vurdering og råd for forvaltning av hjortestamma på Haugalandet og Sunnhordland. I tillegg legg dei opp til faglege samlingar. Vårteljing av hjort frå bil som kommunane organiserer kvart år om vår, analyserer DIH resultata. Resultata frå vårteljinga seier noko om bestanden av hjort. Teljinga er eit viktig reiskap for kommunane si vurdering av tildeling av fellingsløyve.

Fallvilt; Vilt som anten er påkøyrt av køyrety, felt ulovleg, daude dyr. Sveio har mykje gjennomgangstrafikk langs, særskilt E39, det fører diverre til påkøyrsle av storvilt i kommunen, det kan også vera andre årsaker; dyr bli hangande fast i gjerde, funne drukna m.m. For året 2020 er det registrert i alt 26 fallviltsaker i Sveio.

Dei fleste dyra som blir påkøyrt er rådyr. Det er registrert to saker kor det har vore ulovleg jakt, i tillegg er det truleg også to saker til, der tjuvjegerar har vore på ferde. Tjuvjakt kan vera eit større problem, der desse truleg er organiserte, er det vanskeleg å ta dei.

Ein må såleis har fokus på dette og oppmoda grunneigarar om dei skulle kome ut for slike saker å melde dei til politiet og viltforvaltninga. I slike saker er det viktig å presisera at det er politiet som skal ta hand om dette. Er ein uheldig å køyrer på storvilt, skal ein varsle politiet om hendinga. Politiet tek kontakt med hundeekvipasje for å ta seg av situasjonen.

Sporhundsentralen; Sveio kommune er tilslutta denne, me er heldig som har to særs aktive hundeekvipasjar i kommunen vår som gjer ein framifrå jobb i samband med påkøyrsle, skadeskyting Desse personane er tilknytt Sporhundsentralen, som har eige vakttelefonnummer, ein kan varsla dei heile døgnet.

Kommunalt viltfond; Kommunen har eit eige bunde kommunalt viltfond. Kapitalen til dette viltfondet kjem frå fellingsavgift som kommunane krev inn for felte hjort. Avgifta er kr. 430,- for vaksne dyr og kr. 231,- for kalv. For året 2020 kom det inn i overkant av kr. 70.000,- til fondet. Desse midlane er øyremerka vilttiltak; dekking av utgifter til pesonar som driv med ettersøk etter skada og sjukt vilt, mykje a midlane frå viltfondet går til desse, utover dette kan de vera viltførebyggjande tiltak t.d. til viltgjerde, andre førebyggjande vilttiltak, prosjekt mm. Det er vanskeleg å byggja opp kapitalen pga alle fallviltsakene me har i kommunen.

Anna vilt som kommunen gjer innsats:

Rev; I Sveio blei det levert inn 50 rev for utbetaling av skotpremie i år 2020. Revebestanden har vore veksande i fleire år. Av dei innleverte revane viser det at bestanden er i god kondisjon, dei er friske og har god tilgong på mat. Av dei innleverte revane, var det ein som hadde litt skabb. Reven gjer nok stort innhogg i fuglebestanden, me ser mindre av t.d. vipe og tjeld, det er fugl me knapt ser i dag, diverre.

I tillegg tek den også ein del rådyrkalv. I tillegg opplever ein år om anna at rev tek lam, innimellom har det truleg blitt teke omlag 50 lam i Sveio. Ein ønskjer å halda revebestanden lågast mogleg. M.a. er tiltak å gje skotpremie viktig. Sauelaget i Sveio gjev også skotpremie. Alt vilt har fredningstid i yngeltida. Forskrifta opnar for å gje fellingsløyve i yngeltida for rev. Det må då vera klare bevis på at rev tek lam. Kommunen har ved slike høve gjeve fellingsløyve. Viltforvaltninga set krav til førebyggjande tiltak før ein gjev løyve. Ein oppmodar også om å intensivera jakta i jakttida.

Mink; det blei innlevert 10 mink for utbetaling av tilskott i året 2020. Truleg er bestanden lågare enn tidlegare, den har gjerne meir konkurranse med mår? Mink gjer også innhogg i fuglebestanden, ved at den tek fugl og egg. Målet må vera å halda bestanden så låg som mogleg. Mink blei etablert i faunaen 1927, først i Sunnhordland, etter den rømde frå eit oppdrett.

Grågås/kanadagås; Er aukande i Sveio. Desse gjer ein del skade på eng, det er opna for jakt på desse. Det er høve til å gje fellingsløyve med visse vilkår i yngeltida.

Viltansvarleg/rådgjevar Sveio kommune
Dagfinn Fagerland Bjørge

Powered by Labrador CMS