lesarbidrag

Fiskesommar i vekslande sommarvêr

Søndag 29. juni 2025 arrangerte Sveio Jakt-, Fiske- og Naturvernforening (SJFNF) nok ein gong suksessarrangementet Fiskesommar i Holsvika på Tittelsnes.

Sjølv om været ikkje var som en forventa om sommeren, fekk me i stedet tildelt regnbyger og kaste vind på denne dagen. Nåke som  gjorde at teltene plutseleg måtte forankras. Til tross for vêret så møtte  ca. 130 store og små opp til ein aktivitetsdag ved dette flotte friluftsområdet nede ved sjøen heilt ytterst i Ålfjorden.

Nokre av dei frammøtte prøvde fiskelukka, mens andre fanga krabbar, eller hjelpte sine barn eller barnebarn. Det blei servert gratis pølser, brus og kaffi, noko som det blei stor avsetnad på. Alle barn fekk gratis fiskehåvar, caps og buff.

Mange barn og vaksne fekk seg ein padletur i foreningen sine sit-on-top kajakkar og kanoene som me hadde fått låne frå Valestrand idrettslag. Barna kunne få mala sin egen fiskesluk med neglelakk, noe som var ein populær aktivitet. Ungane storkoste seg med fisking, slukmaling, kanopadling og krabbefangst, og me fekk mange positive tilbakemeldingar frå dei som møtte opp.

Det meldte seg inn 10 personar i foreininga, og dei fekk fiskestong i vervepremie. Mot slutten av arrangementet blei alt av fangst både talt opp og veigd etter beste evne. Under premieutdelinga blei det som vanleg delt ut mange fine premiar til stolte fiskarar og krabbefangarar.

Dei som støtta oss med gaver denne gongen var Haukås Bilverkstad, Haukås Dekk og Fritid, Eventyrlig Bok Leker og Interiør, Coop Extra Sveio, Apotek Sveio, Egon, Vikse Paintball, Swire Energy/Helifuel, Baardsen og Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Tusen takk til dei som sponsa og alle dei som deltok på dette arrangementet, som gjorde dette til nok ein fantastisk dag for små og store.

Tusen takk til Friluftsrådet Vest for lån av Holsvika.

Vidar Høyland
Leiar  i Sveio Jakt-, Fiske- og Naturvernforening (SJFNF)

Denne teksten blei endra 15.07 klokka 17.16. Ved ei feiltaking var det ein tidlegare tekst som blei lagt ut førre veke. Vestavind beklagar. 

Powered by Labrador CMS