lesarbidrag
Festleg feiring av Oa ungdomshus
Laurdag 26. oktober samla bygdefolket seg for å feire 90-årsdagen til Oa ungdomshus – staden som gjennom nesten eitt århundre har vore hjartet i bygda.
Arrangementkomiteen, med Atle og Eva Thorbjørnsen, Kristin Ove Skare, Gro Lid og Åshild Lid i spissen, gjorde ein strålande jobb med å skape ein kveld fylt av både minner, latter og lun varme.
Ei smakfull heimelaga gryte med potetmos sette stemninga for festen, med 62 gjester samla i festsalen. Ikkje mindre imponerande var dessertbordet – her var det noko for einkvar gane, inkludert eit imponerande utval glutenfritt. Heilt i tråd med tida, må ein kunne seie, sjølv for eit ungdomshus som har vore her lenge før vi visste kva allergiar var!
Gamle og nye prologar
Prologar frå både gamle og nye tider vart lese opp: Sjur Kvamme løfta fram historia med ein prolog frå opninga i 1934, medan Astrid Helen Ove rørte oss med ein ny, der ho takka ungdomshuset for å samle bygda gjennom generasjonar. Huset har sett alt frå 4H-samlingar, basarar og juletrefestar til 17. mai-feiringar, bryllaup og minnestunder – ja, heile spekteret av livets augeblinkar.
Ein skal ikkje undervurdere kor mykje historier eit gamalt hus har å by på. Innlegga i husets eigne bøker «Nybrot» frå husets år fekk fram både latter og ettertanke. Det var som bygda si eiga tidlege versjon av Facebook – med tapt og funne-meldingar, kontaktannonser og kunngjeringar. Ein kan nesten sjå for seg korleis små løyndomar har sirkulert rundt kaffibordet, og kor mange problem som kanskje har vorte løyste over ein god kaffikopp her.
Gamle filmklipp
Eit aldri så lite teknologisk høgdepunkt kom då gamle filmklipp frå 1950-talet vart viste. Teknologien ville det slik at klippa spelte baklengs, noko som førte til stor latter i salen då hestane på skjermen plutseleg sprang i revers. Med andre ord, ein minnerik kveld der sjølv teknologien bidrog til nostalgien!
Og som tradisjonen tilseier, vart kvelden avslutta med dans og mimring til langt på natt, medan huset heldt på sine løyndommar om gamle festar og det særeigne kallenamnet «Fredheim» – noko nytt for mange av oss.
Oa ungdomshus har framleis fullt program året rundt, med aktivitetar som knyter bygdefolk saman, generasjon etter generasjon. Etter 90 år er det inga tvil om at huset står støtt i bygdas hjarte, og vi gler oss til alt som kjem – frå basarar til store festar, nye minner og mykje god naboskap!
Frå den nye prologen, til ære for Oa ungdomshus:
I dag vi hedrer deg, ein heim for alle
Frå gard og bygd har du sett oss falle
Du binder oss saman, vår historie og veg
Oa Ungdomshus – vi er alltid nær deg.
Astrid Helen Ove