lesarbidrag
Fann fram både til og i Førde
For dei om lag 150 deltakarane under årets Finn Fram dag på stranda og i parken i Førde fekk regnvêret ikkje høve til dempa på humør og innsatsvilje.
Barn og vaksne kunne med liv og lyst testa seg sjølv i speed-orientering, bæring av vassbøtter på strak arm, kanopadling, pilkast, hesteskokasting og luftgeverskyting.
Hovudarrangør, Sveio O-lag hadde dessutan laga ei rundløype med åtte postar, som alle var utstyrte med oppgåver innan bruken av kart og kompass.
På fleire stader i rundløypa kunne ein ta seg pause og smaka på pølser i brød, nysteikte vaflar eller pinnebrød. Det vanka premiar i alle øvelsar.
Ved sida av Sveio O-lag som hovudarrangør, leverte Førde-speidarane, Bua-speidarane, Spretten 4 H og Sveio Turlag viktig bidrag til suksessen.
Annonse
Thomas Førde